Sidan arbeidet med E39 gjennom Knarvik tok til har det vore mange endringar i køyremønster og gangmønster. Torsdag varslar vegvesenet ei ny endring i gåmønster.

Denne gangen gjeld det undergangen som knyter saman Knarvik senter og Nav/politibygget med Helsehuset.

– Vi er nøydde til å stenge undergangen i ein periode frå måndag, stadfestar byggeleiar Allan Emil Nyheim i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Bakgrunnen for stenginga er at det skal gjerast utbetringar på begge sider av undergangen.

– Gangmønster vil bli via undergang lengre sør, opplyser Nyheim.

Det vil seie undergangen som går frå Amfi Knarvik, ved inngangen mot Meny-butikken, til Fossbygget.