Gå til sidens hovedinnhold

Stenger bassenget på Matre

Artikkelen er over 2 år gammel

På grunn av driftsproblem med kloranlegget, vert symjebassenget stengt frå og med 01.02.2019 og inntil dette er kome i orden.

Det melder Masfjorden kommune på sine nettsider.

Dette er ikkje fyrste gong det er problem med bassenget i Matre.

For ganske nøyaktig eit år sidan sleit dei med at temperaturen i vatnet var så låg at dei måtte stenga bassenget. Det heile byrja med at Masfjorden kommune meldte at på grunn av feil på varmevekslaren var temperaturen då 26 grader og på veg nedover. Dei prøvde å fiksa feilen, men temperaturen berre heldt fram med å gå nedover til dei klarte å fiksa feilen.

Å stenga bassenget i Matre får store konsekvensar, då alle tre skulane i kommunen, samt elevane frå Brekke i Gulen reiser til Matre for å bruka bassenget.

Les også

Så mange lærarar når ikkje opp til krava i faga sine: Sjekk din kommune her!

 

Kommentarer til denne saken