– Ein person knytt til Barnas barnehage Kløvheim har testa positivt for koronavirus, opplyser kommunen i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Tilsette og barn i barnehagen må no i karantene frem til måndag 9. november.

Barnas barnehage Kløvheim er ein privateigd barnehage i Alver med 21 barn og fem tilsette.

– Smittevegen er kjent, og er ikkje knytt til smitta på Seim. No arbeider koronasenteret med smittesporing, og tek kontakt med nærkontaktane som skal testast, fortel kommuneoverlege i Alver kommune, Terese Folgerø.

Les meir her:

Stenger fleire trinn etter koronasmitte