Det melder Apotek 1 Manger på sin Facebook-side.

Frå 26. juni til 16. juli er apoteket, som held til i sentrum av Manger, stengt.

Apoteket forklarar stenginga med at dei skal kunne avvikle sommarferie for dei tilsette.

– Dette er berre mellombels, og vi håpar at dette fører til minst mogleg problem for dykk, skriv apoteket.

Vidare oppmodar dei kundar til å komme innom før stenginga for å sjå korleis apoteket kan sørge for at dei har medisinane dei treng i stengingsperioden.

Det var Strilen som først melde om saka.

Apotekar David Varga opplyser ovanfor NH at apoteket jobbar på spreng for å finne ei løysing slik at dei kan halde drifta gåande.