Like før klokka 12 fekk politiet melding om ein semi-trailer som hadde stansa inne i Masfjordtunnelen.
Traileren var på veg i retning Knarvik.
Tunnelen er mellombels stengd, og bergingsbil er på veg til staden.
Om kort tid vil det bli sett i gang trafikkdirigering, melder Vestpolitidistrikt klokka 1256.
Framleis stengd
Oliver Hatland Iversen i Statens vegvesen seier til avisa klokka 1335 at tungbergingsbil er på veg frå Bergen.
Klokka 1350 meldte Vegtrafikksentralen om at tunnelen igjen var stengt, og at tungbergar er forventa å kome klokka 15.
Ifølgje Iversen er det ikkje mykje kø på staden.
Opna opp att
Klokka 1525 er Masfjordtunnelen opna opp att etter å ha vore stengd i 3,5 timar.
Kommentarer til denne saken