Noko må gjerast med steintrappa opp frå Prestebrygga i Eivindvik før det er for seint.

Her, som i mange andre kystbygder, kom dei fleste med båt tidlegare når dei skulle til kyrkja. Det vart bygd ei bryggje, Prestebrygga, der båtane kunne ligge, og så vart det laga solide steintrapper opp til kyrkja.

No er det berre første delen av trappa som står att.

Frå 60-talet meiner eg å hugse at kantane eller sidemurane var høgare og det låg grastorver på toppen av desse. Og ho er diverre i forfall og det er synd.

Eg håper at nokon vil ta ansvar og gjere noko med steintrappa, og at dei i same slengen fjernar det som ein gong var eit fint utetoalett, men no berre er skjemmande.