Måndag føremiddag høyrdest det ut som at verda heldt på å gå under på Mobryggja i Modalen kommune.

Drønna mellom fjella var som langvarig torebrak.

Etter kring 15 sekund var det over for denne gong, men det blei ikkje siste gongen for dagen.

Gjerden Fjellsikring heldt på med sikringsarbeid bak Bryggjeslottet og måtte kaste lausmassar og stein ned frå fjellsida. Heile bygget, og parkeringsplassen utanfor var avsperra.

Saman med teknisk sjef i Modalen kommune, Tone Selmer Skuggevik, ser avisa steinblokkar og lausmassar fly nedover fjellsida før det nok ein gong drønner i fjorden.

Raste i vår

28. mai fekk turistar og innbyggjarar i Modalen seg ei overrasking. Plutseleg gjekk eit steinras frå fjellsida i Movika. Steinane ramla ned bak fritidsbygget i kommunen, Bryggjeslottet.

Massane gjekk også i taket på bygninga, og øydela takstein.

Men då det var rett før sommaren, var det utfordrande å få kontakt med entreprenørar som kunne hjelpe til med situasjonen.

– Vi kontakta NVE, som igjen kontakta Norges Geotekniske Institutt (NGI) og Gjerden Fjellsikring for oss. Dei kom på plass og hjelpte oss i byrjinga av august, seier teknisk sjef i Modalen kommune, Tone Selmer Skuggedal.

NGI kartla fjellsida og utarbeida ein skredrapport saman med Gjerde Fjellsikring. Dei sjekka også staden fysisk.

– Der oppdaga vi meir lausmassar og stein enn vi hadde tenkt tidlegare.

Kjem ikkje til opne dørene med det første

Då kommunen såg at det var mykje meir lausmassar enn venta oppe i fjellsida, fann dei ut at sikringsarbeidet måtte ta lengre tid.

– Vi kjem nok til å halde fram med arbeidet til midten av november. Etter det, blir det opprydding og bolting kring rasområdet, seier Skuggevik.

Skadane på Bryggjeslottet må også reparerast før bygget kan opnast igjen.

– Så ei opning før nyttår, har vi ikkje trua på, seier ho.

Medan det kjem til å ta fleire månadar før Bryggjeslottet opnar opp att, fortel Skuggevik at kommunen og entreprenøren jobbar så raskt dei kan. Ho er takksam for at det ikkje blei skade på menneske.

– Heile bygda brukar Bryggjeslottet. Skulen har gymtimar her, og folk kjem hit for å gå på kino, bowle og drive med andre aktivitetar på kveldstid.

Saknar tilbodet i bygda

Modalen veit enno ikkje kva sluttsummen for sikringsarbeidet blir, men det blir nok ikkje billig, ifølge Skuggevik.

– Men vi har fått velsigninga frå kommunestyret om å setje i gang arbeidet.

Og så langt, har det ikkje vore enkelt. Kor mykje arbeid som kan gjerast avheng av vind og regn. Det har sett stopparar tidlegare i år. Regnet aukar skredfaren og vinden bles dekkmadrassane av taket på Bryggjeslottet.

Ordførar i kommunen, Kjetil Eikefet fortel at stenginga av Bryggjeslottet har medført eit sakn blant innbyggjarane.

– Folk i bygda, og folk frå Alver og Vaksdal brukar dette bygget. Og det er heilt klart eit sakna tilbod.