(Firda): Vegtrafikksentralen vest melde i 16-tida søndag at eit køyrefelt var stengt ved Vadheim på E39.

Ein stein på mellom 60 og 80 centimeter i diameter hadde komme ned i vegbana.

Entreprenør var klokka 16 på veg til staden for å fjerne steinen.

Ein halvtime seinare var steinen fjerna, og vegen var open for fri ferdsel.