(BA) Det blei to norske brassband i toppen under årets brass-EM i Utrecht laurdag kveld.
På femteplass hamna fjorårets EM-vinnar, Eikanger Bjørsvik, mens Stavanger brassband tok tredjeplassen.
– Det blei ein skuffande femteplass i år. Vi blei nummer to i dag, i kategorien eige val, men vi fekk ikkje betalt for det vi spelte i går, seier ein lettare skuffa Viggo Bjørge til BA på tekstmelding frå scena i Nederland.

Dei er regjerande EM-meistrar. No må dei betale 600.000 for å forsvare gullet
Vant i fjor
Vinnaren blei sveitsiske Valaisia med imponerande 195 poeng. Eikanger Bjørsvik fekk ikkje betalt for pliktnummeret i går. Då fekk dei 90 poeng. Under laurdagens sjølvvalde nummer fekk brassbandet 97. Det heldt dessverre ikkje.
– Vi hamna litt langt etter i går. Det kan sikkert vera mange grunnar til det. Vi var uheldige med trekninga. Vi måtte spela pliktnummeret først av alle, og det var heilt nytt. Dommarane trengde litt tid å bli kjent med stykket. Vi kan ikkje berre legga skulda på trekninga, for vi var nok ikkje heilt på topp, som vi trudde vi var, seier Stig Ryland.
Han er styreleiar for brassbandet.
– Det er alltid gøy å dra til EM, og det er beinhard konkurranse med utruleg høgt nivå. Ein skal ha to dagar der man ligg heilt i toppsjiktet. Eg er imponert over Eikanger Bjørsvik denne helga. Det skal ingen ta frå dei. I dag fekk vi bevist at vi er helt oppe i toppen av europeiske brassband, seier Ryland.

30 år sidan «mirakelet» skjedde
Kommentarer til denne saken