Får ein halv milliard ekstra

Regjeringa foreslår å gje norske kommunar ein halv milliard ekstra i eit eingongstilskot for å motverka aukande arbeidsledigheit. Arkivfoto

Regjeringa foreslår å gje norske kommunar ein halv milliard ekstra i eit eingongstilskot for å motverka aukande arbeidsledigheit. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Regjeringa vil gje 500 millionar kroner i eit eingongstilskot til norske kommunar neste år.

DEL

Det er NTB som erfarer dette før statsbudsjettet vert lagt fram klokka 10 onsdag formiddag.

Pengane skal gå til oppussing av skular og omsorgsbygg for å motvirke auka ledigheit.

Eingongstilskotet skal komma i tillegg til 4,7 milliardar i fri inntekter og brukast til å pussa opp skular og sjukehus.

Regjeringa håper truleg at tiltaket både vil gje stårt tiltrengt oppgradering av offentlege bygg og samtidig skapa aktivitet på eit tidspunkt då arbeidsledigheita er på veg oppover.

Regjeringa legg opp til ein reell vekst på 7,3 milliardar kroner i kommunane sine samla inntekter i 2016, erfarer NTB.

Av veksten skal 4,7 milliardar komma som frie inntekter, derav 4,2 milliardar som går til kommunane og 500 millionar til fylkeskommunane.

Innanfor ramma av dei frie inntektene er 200 millionar satt av til helsestasjons- og skulehelsetenesta, 400 millionar til fleire barnehagar og meir fleksibelt opptak og 200 millionar til oppgraderingar av fylkesvegane, ifølgje NTB sine opplysningar.

Regjeringa må no forhandla med samarbeidspartia Venstre og KrF for å få fleirtall i Stortinget for budsjettet.

Artikkeltags