Regjeringa kuttar kraftig i breibandsstøtta

KUTTAR: Kommunane var misnøgde frå før av når det kjem til breibandstøtta frå regjeringa. No foreslår dei meir enn å halvvera den støtta til neste år.

KUTTAR: Kommunane var misnøgde frå før av når det kjem til breibandstøtta frå regjeringa. No foreslår dei meir enn å halvvera den støtta til neste år. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er jo ein katastrofe, seier Lindåsordføraraen.

DEL

I førre veka vart det kjent at Radøy, Austrheim og Masfjorden stakk av med alle dei tilgjengelige midlane til breibandutbygging i Hordaland det komande året. I fjor var det Meland som stakk av med alle pengane.

Radøy og Austrheim stakk av med åtte millionar kroner, medan Masfjordingane på si side enda opp med 3,5 millionar kroner.

LES OGSÅ: – Vi får landets beste fiberdekning

– Veldig rart av regjeringa

Pengane får ein etter ein søknad og ei vurdering. Totalt hadde staten 110 millionar kroner å dela ut. Lindås kom på fjerdeplass og fekk ikkje ei krona. Det gjorde Lindås-ordførar Astrid Aarhus vonbroten.

Ho er endå mindre imponert etter forslaget om å kutta den totale potten frå 110 til 51,5 millionar kroner vart kjent.

– Skal dei kutta? Det er jo katastrofe, utbryt Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) når avisa Nordhordland fortel ho nyhenda.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes

Ho seier det er veldig skuffande at regjeringa foreslår det same kuttet i år som ved sist budsjett.

– Det er veldig rart at dei gjer dette. Særleg i ei tid der me skal digitalisera ytterlegare. Då må dei ikkje kutta dei midlane som gjer at me kan satsa på distrikta våre, seier Byrknes.

– Alle bur jo ikkje i Oslo, seier Byrknes.

Byrknes er forundra over at regjeringa tek ein omkamp på ei sak som dei tapte i fjor.

– Det er ikkje slik ein kan halda på, å ta ein omkamp på ein omkamp. Dei veit at dette er noko kommunenoreg er opptatt av og at dette er eit budsjett dei skal forhandla om, seier ho.

LES OGSÅ: Dette får Nordhordland i statsbudsjettet

– Tragisk

Ho seier ho kjem til å ta ein telefon til sentrale folk i KrF for å få til ei endring.

– Dette er ikkje noko godt framlegg, og dette kuttet må me få inn att. Og eg håpar det vert styrkt ytterlegare, for det er for lite alt i dag, seier ho.

Byrknes viser til at søknaden til Lindås om 3,8 millionar kroner ikkje nådde opp.

Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) er heller ikkje imponert.

– Det er jo tragisk, seier han.

Han tykkjer heile systemet er «bånn i bøtta».

Jon Askeland, Sp

Jon Askeland, Sp Foto:

– Det er feil at kommunane vert sett opp mot kvarandre. Dette er ei statleg oppgåve, seier han.

Han får støtte frå Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H).

– Me fekk nokre kroner i førre veke, det er greitt. Men me er måteleg nøgde. Men me vil ha ei endring av heile regelverket, seier Totland.

Han meiner det ville vore naturleg om kraftselskapa kom meir på bana.

LES OGSÅ: Håpar på betydeleg breibandssatsing

– Vert ikkje brukt godt nok

– Det er dei som har beredskap og vakt på dette, seier han.

Totland seier det er meir enn nok pengar som vert brukt på utbygging av dei ulike fiberlinjene til ulike aktørar, som privatkundane aldri får ta del i.

Karstein Totland på talarstolen under Høgres landsmøte.

Karstein Totland på talarstolen under Høgres landsmøte. Foto:

– Men pengane vert ikkje brukt godt nok. Det må ei anna og offensiv haldning til dette, seier han.

– I og med det er så viktig for landet, må staten inn og ta ei styring med dette. Per no vil det beste vera å vera tilknytt eit nett, og det hovudnettet må fungera, sluttar han.

LES OGSÅ: – Glad vi var heime

Artikkeltags