Dette får Nordhordland i statsbudsjettet

Ubåtvraket utanfor Fedje, Romarheimsdalen og Flatøy er mellom dei som får pengar i statsbuidsjettet 2016.

Ubåtvraket utanfor Fedje, Romarheimsdalen og Flatøy er mellom dei som får pengar i statsbuidsjettet 2016. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Skredsikring, U-864 og vekst i frie midlar. Det er hovudoppsumeringa for kva Nordhordland får i statsbudsjettet.

DEL

No klokka 10 vart statsbudsjettet for 2016 lagt fram, og her er i hovudpostane for kva me i Nordhordland kan venta oss det neste året.

* Som avisa Nordhordland skreiv om alt i mai, vert det løyvd pengar til skredsikring i Romarheimsdalen. På det reviderte statsbudsjettet i sommar vart det løyvd 40 millionar kroner, og på statsbudsjettet i 2016 kjem det ytterlegare 20 millionar kroner. Pengane skal i heilskap gå til restfinansiering av gjennomførte arbeid.

* Etableringa av midtrekkverk på strekka Tuft - Flatøy på E39 vert vidareført

* U-864 får 50 millionar kroner. Dei pengane skal gå til vidare etablering av den tidlegare omtala støttemuren under ubåt-vraket. Eit slikt tiltak må gjerast uavhengig av om ein skal heva lasta eller tildekka både last og vrak. Fyllinga er sendt på anbod og ein håpar på å inngå kontrakt i løpet av hausten. Støttemuren vert planlagt etablert i mai-juni 2016, nærare eit år forseinka.

* Regjeringa legg opp til å bruka 25 millionar kroner til vedlikehald, modifikasjonar og vidareutvikling av TCM-senteret på Mongstad. Dette skal mellom anna gjera det mogleg å vidareutvikla det tredje arealet på Mongstad for mindre skala teknologiuttesting.

* Regjeringa legg opp til ein auke i dei frie inntektene på kr 4,2 milliardar for kommunane.  Det skal gi kommunane ein viss auke i det økonomiske handlingsrommet. Hordaland får ein noko større vekst enn landet samla.

* Utbetringar av tunnelar vert vidareført. For 2016 er Masfjord, Mundlasberget og Bjørsviktunnelane i Nordhordland prioritert.

* Det skal brukast 25 millionar kroner på vedlikehald av Nordhordlandsbrua i 2016.

* Det vert prioritert midlar til etablering av ein kontrollplass på E39 nord for Bergen

I tillegg til dette er det visse løyvingar til Bergen og området rundt som vil få direkte eller inndirekte innvirkning på din kvardag:

* Det vert innført rushtidsavgift i Bergen. Det betyr at takstane vert auka frå 25 kroner for privatbilar til 45 kroner i rushtida, måndag til fredag. Utanom rushtida vil det kosta deg 19 kroner å køyra gjennom bomringen. For tunge køyretøy aukar prisen frå 50 til 90 kroner i rushtida. Elles vert prisen 38 kroner. Det er Stortinget som skal avgjera saka.

* Regjeringa vil bruka 300 millionar kroner på bymiljøavtalar. Gjennom bymiljøavtalar med Bergen vil det mellom anna vera aktuelt med statleg finansieringstilskot på 50 prosent til Bybanen i Bergen

* Løyvingane til UiB og HiB aukar med høvesvis 60,1 og 9,2 millionar kroner. For UiB sin del skal 40 millionar kroner gå til ei startløyving til fase to av rehabiliteringa av Universitetsmuseet. Resten av pengane til både HiB og UiB skal gå i hovudsak gå til nye stillingar og studieplassar

Er det løyvingar til Nordhordland me ikkje har fått med oss? Send oss eit tips!

Artikkeltags