Lerøy trur regjeringa bommar grovt på skatteinntektene

Austrheim-ordførar Per Lerøy saman med Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Austrheim-ordførar Per Lerøy saman med Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Me trur ikkje på dei tala og kjem til å vera langt meir forsiktige enn kva dei legg opp til.

DEL

Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) trur regjeringa har vore alt for optimistiske når det gjeld skatteinntektene. I alle fall for kommunen hans.

– Me trur ikkje på dei tala og kjem til å vera langt meir forsiktige enn kva dei legg opp til, seier han.

Han viser til at dei nytta Finansdepartementet sine tal då dei budsjetterte for i år. Det har enda med ein skattesvikt på 5,9 prosent, mot tre prosent auke for dei fleste andre kommunar.

– Den smellen skal me ikkje gå på ein gong til, seier han.

LES OGSÅ: Dette får Nordhordland i statsbudsjettet

Han seier dei har fleire tunge år framføre seg for å henta inn att dei tapte pengane.

Årsaka til bommen er den kraftige nedturen i olje og gass-sektoren og at Austrheim er ein oljeavhengig kommune over snittet.

 Jon Askeland (Sp)

Jon Askeland (Sp)

Tonen er litt meir positiv på Radøy.

– Me ville alltids hatt meir, men ut frå forventningane vil eg seia at det er greitt nok, seier Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) til avisa Nordhordland.

Han er middels nøgd med framlegget til statsbudsjett for 2016 og kva konsekvensar det vil ha å seia for Radøy det neste året. Han er mellom anna nøgd med at kommunen hans kom betre ut når det gjeld skjønsmiddlar.

Skjønsmiddel er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

– Men det er framleis veldig stramt, understrekar han.

Han er ikkje nøgd med vedlikehaldspakka det er lagt opp til.

– Den tykkjer eg er for svak. Me har ei kjempeutfordring på vass og avløypsnettet. Og for sysselsetjinga sin del kunne det vore noko å tatt tak i, seier han.

I Lindås ser dei på det som er statsbudsjett som før.

– Det nye no er at me får eit veksttilskot, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

LES OGSÅ: Regjeringa kuttar kraftig i breibandsstøtta

Som avisa Nordhordland skreiv om alt i byrjinga av september, legg Regjeringa i sitt framlegg til statsbudsjett for 2016 opp til å redusera terskelen for å koma med i ordninga frå 1,6 prosent vekst gjennom dei siste 3 år til 1,5 prosent vekst. Det betyr at Fitjar, Austevoll og Lindås som i 2015 ikkje fekk vekstkommunetilskot no er inne på lista.

For Lindås sin del utgjer tilskotet 1,226 millionar kroner for 2016.

– Når me har reell vekst som Lindås har, er det bra me vert tilgodesett i dette budsjettet, seier Byrknes.

I Sogn og Fjordane er det ingen som får ta del i noko vektstilskot.

– Veksttilskotet vert tatt frå innbyggartilskotet. I år var det ingen i dette fylket som nådde i det. Dermed vert det pengeflytting frå Sogn og Fjordane, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

Han seier at statsbudsjettet likevel ikkje var så gale som frykta.

– Det vert lagt opp til ein vekst på fire prosent hjå oss. Det er bra, før har me hatt 2-2,5 prosent, peikar han på.

Men Oppedal kunne godt tenkt seg meir pengar til vedlikehald. Der er fordelinga på 96 kroner per innbyggar.

– Det betyr litt over 200.000 kroner til Gulen. Me sit med fire skular og fire eldresenter. Då vert det ikkje heilt rettferdig, dei tettbygde stroka får meir ut av det, seier han.

LES OGSÅ: Foreslår vekstpakke til Vestlandet på 20 millionar

Går ein sørover igjen til Meland finn du den store vinnaren i Nordhordland. Meland kommune stikk av med heile 7,5 millionar kroner i veksttilskot til neste år.

– Kommuneopplegget er betre enn det som har vore varsla, tykkjer avtroppande ordførar Nils Marton Aadland (H).

Han seier pengane kjem godt med i ein vekstkommune som Meland.

– Det å vera ein vekstkommune er ein god attest. Men det fører til auka press på alle tenestene våre og på investeringar, seier han.

Han peikar på at dei no skal bruka over 90 millionar kroner på å utvida to av skulane sine.

Det ligg og inne pengar til hundre prosent finansiering av dei private barnehagane. Det har vore ei heit potet i Meland dei siste åra. I 2015 hadde kommunen bestemt seg for å kutta i tilskota, men enda opp med å måtte løyva fem millionar kroner ekstra, etter eit barnehageopprør.

– Det er bra dei vert likebehandla med dei kommunale barnehagane, seier Aadland.

I Masfjorden står ikkje jubelen i taket.

– Me er måteleg nøgde, seier ordførar Karstein Totland.

LES OGSÅ: Får ein halv milliard ekstra

Artikkeltags