Nyborgtunnelen får planleggingsmidlar

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Regjeringa skal og ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane våre.

DEL

Regjeringa har aldri brukt så mykje pengar på samferdsle som i 2016. Dei har lagt opp til å bruka 60,2 milliardar kroner på samferdsle. Det er 4,9 milliardar kroner meir enn i 2015.

På E39 mellom Stavanger og Trondheim skal dei bruka nesten 1,3 milliardar kroner. Mellom anna skal det setjast av planleggingsmiddel til Nyborgtunnelen.

LES OGSÅ: Dette får Nordhordland i statsbudsjettet

Som avisa Nordhordland har skrevet før, skal og tunnelane på E39 oppgraderast og både Masfjord, Mundlasberget og Bjørsviktunnelane i Nordhordland prioritert i 2016.

Men og fylkesvegane skal få sitt.

Det vert løyva 1,23 milliardar kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane, noko som er ein auke på 200 millionar kroner.

KVAR SKAL VEGEN GÅ: Dette er det fyrste forslaget til trasee for Nyborgtunnelen. Det einaste som er sikkert er at der skal den ikkje gå. No vil alle ha utløpet i Åsane flytta til Vågsbotn. ARKIVFOTO

KVAR SKAL VEGEN GÅ: Dette er det fyrste forslaget til trasee for Nyborgtunnelen. Det einaste som er sikkert er at der skal den ikkje gå. No vil alle ha utløpet i Åsane flytta til Vågsbotn. ARKIVFOTO

Det skal og brukast 2,2 milliardar kroner til forvaltning av riks og fylkesvegane til neste år.

– Veksten i forfallet stansar i 2015. Med forslag for 2016 vil vedlikeholdsetterslepet på riksvegar bli innhenta med om lag 2,1 milliardar kroner. Det er fleire tiår sidan sist vedlikeholdsetterslepet blei redusert, seier Torill Eidsheim (H), som sit i Transport og kommunikasjonskomiteen til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Står i kø for å lova Nyborgtunnel

Regjeringa skal og bruka pengar på trafikksikring.

I budsjettforslaget er det sett av 808 millionar kroner til trafikksikringstiltak i 2016. I tillegg er det lagt til grunn om lag 90 millionar kroner i  såkalla ekstern finansiering.

Midlane vil i hovudsak bli benytta til tiltak for å hindre dei alvorligste ulykkene, som møteulykker og utforkøyringsulykker.

Eit døme på det er midtdelaren på Flatøy som har fått meir pengar i budsjettet for 2016.

– Trafikksikring er høgt prioritert, og det pågår eit omfattande arbeid for å redusere antall drepte og hardt skadde i trafikken. Tala så langt i 2015 bekreftar nedgang, seier Eidsheim.

LES OGSÅ: Stor frustrasjon over manglande framdrift i Nyborgtunnelen

Avisa Nordhordland skreiv fyrst at det var snakk om oppstartsmiddlar, men det er altså snakk om planleggingsmidler. Me beklagar feilen.

Artikkeltags