– Det vart meld om ein gasslekkasje på Statoil Mongstad like etter kl. 13.00. Instruksane er slik at vi då køyrer ein evakueringsalarm. All personell på området måtte trekka ut frå anleggsområdet, seier pressekontakt i Statoil, Morten Eek til Avisa Nordhordland.

– Det er snakk om gasslekkasje på eit bensinanlegg. Vi trykkavslaster no anlegget. Det jobbast med å avklara kva som har skjedd, seier Eek.

LES OGSÅ: Statoil tildelte Mongstad-kontrakt på 350 millionar

– Dei har kontroll

Vakthavande på Meland og Lindås Brann og Redning, Karl Johannes Romarheim, seier til Avisa Nordhordland at dei har vorte løpande orientert i saka.

– Vi har fått den informasjonen vi treng i forhold til beredskap og bistand. Vi har vore i beredskap, men Statoil Mongstad har handtert denne situasjonen med sine eigne ressursar, seier han.

– Litt over klokka 14.00 fekk vi melding om at dei har kontroll, seier Romarheim.

– Tilbake på jobb

Klokkka 14.30 vart det klart at faren er over.

– Då vart «faren er over-signalet» gitt på Statoil Mongstad, seier Eek.

Han fortel at alle som vart evakuert, i alt 600 menneske, no er på veg tilbake til jobbane sine.

– Lekkasjen er stansa, og det er trygt å venda tilbake til arbeidet, seier Eek.