– Eg skal verkeleg bevisa at eg har fortent læringplassen!

FRÅ HAMMERFEST TIL AUSTRHEIM: – Eg har aldri opplevd at nokon har tatt meg så godt i mot som dei tilsette på Statoil Mongstad, seier Lotte Halvorsen (20), som flytta frå Finnmark for å vera lærling på Statoil Mongstad.

FRÅ HAMMERFEST TIL AUSTRHEIM: – Eg har aldri opplevd at nokon har tatt meg så godt i mot som dei tilsette på Statoil Mongstad, seier Lotte Halvorsen (20), som flytta frå Finnmark for å vera lærling på Statoil Mongstad. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Lotte Halvorsen flytta heilt frå Finnmark for lærlingplassen på Statoil Mongstad. Lørdag var ho på 40-årsjubileet i Greghallen. – Litt av magien ligg i at viss ein klarar seg gjennom alle desse kutta, betyr det at Statoil verkeleg ønsker deg der, seier ho.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Eg har vakse enormt mykje på det første året som kjemiprosess-lærling. Eg er utruleg glad og stolt over at eg fekk moglegheita til å jobba her. Eit Statoil-ja er veldig gøy, seier Lotte Halvorsen (20), som kjem frå Hammerfest. Halvorsen, som skal verta prosessteknikkar, har vore på Statoil Mongstad i eit år. No skal ho vera læring i eit år til, og draumen er å fortsetta med fast jobb i Austrheim.

SJÅ OGSÅ: Sjå det forrykande opningsnummeret

Som ein familie

– Det er ikkje noko anna eg vil enn å jobba på Statoil Mongstad. Det er rett og slett ein heilt fantastisk arbeidsplass, med utruleg kjekke folk. Eg har aldri opplevd at nokon har tatt meg så godt i mot som dei tilsette på Statoil Mongstad. «Skiftfamilien» min på jobb bryr seg nesten like mykje om meg som min eiga familie. Når ein flytter frå andre sida av landet for ein læringsplass, er det godt å vita at ein har så mange gode kollega. Eg kan bekrefta at finnmarkingar og vestlendingar kjem godt overeins, smiler Halvorsen, som pendlar frå Bergen til Austrheim kvar dag.

LES OGSÅ: Kvart år går det verdiar for over 100 milliardar kroner over kai på Mongstad

Fullsett Griegsal

Statoil Mongstad feira lørdag kveld sitt 40-årsjubileum i Grieghallen. Konferansier for festførestillinga var NRK sin radiojournalist Finn Tokvam. Saman med han stod fleire kjende bergensarar og strilar på scena framfor ein fullsett Griegsal.

Komikar Mari Voldsæter, songar Lydia Hoen Tjore, Eikanger-Bjørsvik musikklag og Manger musikklag var berre nokon av dei som stod for underhaldninga. Om lag 800 personar var med for å feira 40-årsjubileet – både tilsette og pensjonistar møtte opp i finstasen.

LES OGSÅ: – Det ser dårleg ut for framtida til Austrheim

– Skal vise at eg fortener lærlingplassen

Halvorsen er overvelda over jubileumsfesten.

– Eg storkoser meg! Statoil har alltid eit bra opplegg, og det er kjempegøy å få lov til å vere ein del av det heile, seier 20-åringen, som fortel at ho i mange år har jobba dugnad for Statoil via fotballaget ho spilte på i Hammerfest.

– Eg tenkte alltid «Det ser så gøy ut å jobba der. Kvifor kan ikkje eg vera ein del av det?». Og no er eg det!

Når Avisa Nordhordland spør finnmarkingen om kva ho tenkar rundt nedgangstidene og stadig nye kutt på Statoil Mongstad, er 20-åringen usedvanleg optimistisk.

– Litt av magien ligg i at viss ein klarar seg gjennom alle desse kutta, betyr det at Statoil verkeleg ønsker deg der. Eg skal verkeleg bevisa at eg har fortent læringsplassen eg har fått!

Artikkeltags