Kvart år går det verdiar for over 100 milliardar kroner over kai på Mongstad

ENORME SUMMAR: Statoil Mongstad omset for milliardar årleg, og fleire tusen menneske er avhengige av at det går bra der ute. Årleg går det verdiar for 100 milliardar over kai på Mongstad. No skal dei feira seg sjølve ei veka til ende. ARKIVFOTO: JOSTEIN VÅGENES

ENORME SUMMAR: Statoil Mongstad omset for milliardar årleg, og fleire tusen menneske er avhengige av at det går bra der ute. Årleg går det verdiar for 100 milliardar over kai på Mongstad. No skal dei feira seg sjølve ei veka til ende. ARKIVFOTO: JOSTEIN VÅGENES

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

No skal dei feira seg sjølv ei heil veka til ende.

DEL

Statoil Mongstad 40 år:– Me har ikkje hatt julebord her ute på tre år, så når me no fyller 40 år føler me det er viktig å markera dette, seier infosjef på Statoil Mongstad, Jon Halstein Tjore til avisa Nordhordland.

Førre helg hadde dei legodag, denne helga er det open dag på museet og neste helg er det gigantisk jubileumsfest i Grieghallen for 850 inviterte gjester.

– Ofte vert det slik at me konsentrer oss om dei tinga me held på med no. Dei gledande me har no, dei sorgene me har no og utfordringane me har no. Men av og til er det viktig at me stoppar opp og ser oss tilbake på kva som har skjedd dei siste førti åra, seier Tjore.

LES OGSÅ: Droppar Sverdrup-raffineringa på Mongstad

Frå 85 til 2000 tilsette

Og det er ein enorm forandring Mongstad-området har vore gjennom dei siste tiåra.

Før utbygginga var det 14 småbruk og 85 innbyggarar der ute.

No er det den nest største oljehamna i Europa, med over 1000 tilsette. Anlegget omset for mange milliardar kroner årleg, og har ein prosesskapasitet på tolv millionar tonn råolje.

FØR OG NO: Slik såg det ut på Mongstad i 1950.

FØR OG NO: Slik såg det ut på Mongstad i 1950. Foto:

26. september 1975 gjekk flagget til topps, etter tre års byggetid. Då jobba det 200 personar der ute.

Men ein ting er kor mange som jobbar der no. Ein annan ting er verdiane som vert generert der ute.

– 4000 andre arbeidsplassar er avhengige av at me lukkast her ute, seier Tjore.

Han viser til arbeidsplassar innan hotellnæringa, frisørar, leverandørar og anna.

– Folk som jobbar her gjer og ringverknader ved at dei legg att pengar i handel. Offentleg forvaltning skapar det og ringverknader i ved at folk treng barnehagar, skular og helsetenester, seier Tjore.

LES OGSÅ: – Det ser dårleg ut for framtida til Austrheim

– Finansierer velferda

Årleg vert det skipa verdiar for over 100 milliardar kroner over kai på Mongstad.

– Av dette hamnar kanskje 90 prosent i det offentlege, peikar han på.

Det handlar då om skattar, avgifter og statlege eigardelar.

– Olje og gassverksemda finansierer store deler av velferda vår, seier Tjore.

Statoil Mongstad anno 2013

Statoil Mongstad anno 2013 Foto:

På søndag er det open dag på museet med gratis inngang, men festen i Grieghallen vert av det store slaget.

Der kjem sjefar og statoiltisette, pensjonistar som har jobba på Mongstad, politikarar og samarbeidspartnarar. Alle dagens tilsette er invitert.

– Kan du fortelja kva som kjem til å skje?

– Det er ein løyndom. Men det vert ei eiga jubileumsforestilling fyrst og middag etterpå, seier han.

– Kjem det representantar frå regjeringa?

– Det kjem ein hemmeleg gjest, svarar han.

– Det skal vera ei overrasking, legg han til.

ROLEGARE: Før raffineringsverksemda kom til Mongstad var det eit roleg bygdeliv på Mongstad.

ROLEGARE: Før raffineringsverksemda kom til Mongstad var det eit roleg bygdeliv på Mongstad.

– I førre veke vart det kjent at Statoil valde å utsetta gigantombygginga av raffineriet, vert det ei meir dempa feiring grunna det?

– Det tenker me ikkje så masse på. Me har våre prioriteringar, og dei går på å driva anlegget sikkert og effektivt, seier han.

LES OGSÅ: Kina-sjakk

Mest effektiv i Europa

– Leverer me på dei måla, vert me blant dei mest effektive anlegga i Europa, seier han.

Han nektar for at det er nokon krisestemning på Mongstad.

– Eg har snarare ei brei oppleving av at folk har forståing for at det er slik situasjonen er, seier han.

OPE MUSEUM: På sundag vert museet på Mongstad ope med gratis inngang for alle.

OPE MUSEUM: På sundag vert museet på Mongstad ope med gratis inngang for alle. Foto:

Dei siste åra har dei tapt milliardar der ute, men jubileumsåret vert eit knallår økonomisk sett, med gode marginar som skapar gode resultat.

– Så langt har me hatt eit godt år og me håpar det held fram slik.

LES OGSÅ: Oljeministeren: – Det er ei framtid i olja

Artikkeltags