Kuttprosessen på Mongstad byrjar no

1 SJEFEN: Rasmus Wille meiner det er masse å henta på å effektivisera drifta på Mongstad. Følgjer dei planane dei har lagt, reknar han med å ha eit raffineri som kan konkurrera med dei andre raffineria i Europa i framtida.FOTO: Yngve Garen Svardal   2 FRAMTIDA: om ein får bygga om anlegget, er mongstad sikra drift dei neste 40 åra. men då må dei fyrst visa at dei kan levera svarte tal i bøkene. ei avgjerd vert tatt seint i 2016. Illustrasjon   3 TØFFE TIDER: Statoil Mongstad står framføre store kutt dei neste åra. 200 stillingar skal vekk, ein milliard kroner skal sparast inn. FOTO: Yngve GAREN SVARDAL

1 SJEFEN: Rasmus Wille meiner det er masse å henta på å effektivisera drifta på Mongstad. Følgjer dei planane dei har lagt, reknar han med å ha eit raffineri som kan konkurrera med dei andre raffineria i Europa i framtida.FOTO: Yngve Garen Svardal 2 FRAMTIDA: om ein får bygga om anlegget, er mongstad sikra drift dei neste 40 åra. men då må dei fyrst visa at dei kan levera svarte tal i bøkene. ei avgjerd vert tatt seint i 2016. Illustrasjon 3 TØFFE TIDER: Statoil Mongstad står framføre store kutt dei neste åra. 200 stillingar skal vekk, ein milliard kroner skal sparast inn. FOTO: Yngve GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Den nye Statoil Mongstad-sjefen Rasmus Wille innrømmer at framtida vert tøff om dei ikkje får godkjenning for å bygga om raffineriet for å prosessera olja frå Johan Sverdrup. Men han nektar å sjå mørkt på framtida.

DEL

Dei siste åra har nasjonen Noreg gått som det grin. Olje og gassindustrien har pumpa inn penga i statskassa og andre pengebinger.
 

Men på landets største raffineri har dei ikkje klart å tena pengar. Tvert om. Inkludert avskrivingar i milliardklassen, har Statoil Mongstad tapt heftige 15 milliardar kroner i tida frå 2008 til 2013. Og i 2014 går det mot raude tal igjen.
 

To av årsakene til det er ein planlagt revisjonsstans som vart gjennomført i sommar, samt som avisa Nordhordland kunne avsløra før helga, cracker-anlegget er ute av drift.
 

LES OGSÅ: Mongstad går glipp av millionar dagleg

Dei siste månadane har oljeprisane stupt og panikken har byrja å breia seg i olje og gassbransjen. Den eine arbeidsplassen etter den andre er kutta, og heller ikkje på Statoil Mongstad slepp dei unna. Der skal 200 arbeidsplassar vekk innan utgangen av 2016 og ein milliard kroner skal sparast inn.
 

Likevel har pengane rent inn i kassa på Mongstad dei siste månadane. Årsaka er at samstundes som at oljeprisane har stupt, har prisen på produkta Mongstad raffinerer halde seg høg.
 

– Det er ikkje tvil om at det er gode pengar i raffinering for tida, seier Mongstad-sjef Rasmus Wille til avisa Nordhordland.
 

Men ikkje så godt som ønskeleg, sidan cracking-anlegget altså har vore ute av drift i fleire veker.
 

– Kor frustrerande er det at når marginane endeleg er på dykkar side, så streikar anlegget?
 

– Det er sjølvsagt veldig ergerleg. Men ein del av jobben min er å finna ut korleis me kjem tilbake frå dette, seier han.
 

Han seier det er viktig for han å tenka positivt.
 

– Elles vert det lange og slitsame dagar som raffineridirektør.
 

Danske Wille byrja i stillinga tidleg i sommar, etter å ha leia Statoil sitt raffineri i Kalundborg.

LES OGSÅ: Statoil glade for at Lindås vurderer skattekutt
 

– Eg likar godt ei utfordring, og eg såg mange av dei på Mongstad. Så det er eit ønske om å gjera noko godt for Statoil og Mongstad, seier han og legg ikkje skjul på at han meiner han har noko å bidra med.
 

– Er dette ei form for klatring i systemet?
 

– Det er det klart. Mongstad er meir enn dobbelt så stort som Kalundborg, men det er ikkje det viktigaste for meg. Om ein gjer ein god jobb der ein sit, kjem moglegheitene av seg sjølv, seier han.
 

– Men eg fokuserer der eg er no, seier han.
 

– Kva er tidshorisonten din her?
 

– Eg satsar på å vera her i mange år. Eg har ikkje planar om anna, og det trur eg ikkje Statoil heller har, seier han.
 

Wille er 41 år gammal og vaks opp i den vesle byen Farum. Han var ferdig med mastergraden sin i 1998 og flytta med kona si Lotte til Regstrup, der dei framleis bur.
 

Saman med Lotte, som han har vore gift med i 19 år, har han dei to borna Sara (14) og Markus (11).
 

Han vekependlar fram og tilbake til Danmark.
 

– Det er ingen planar om å ta familien med til Noreg, seier han.
 

Difor har han korte veker med lange arbeidsdagar når han er i Noreg.
 

– Av og til er det lange dagar og lange veker og, seier han og ler.
 

Heime i Danmark er det lange turar med familien som vert prioritert og løpeturar for far. Samt eit MBA-studium ved Copenhagen business school.
 

Frå før av har han svart belte i karate.
 

– Eg har drive med karate i 22 år, men i dei siste åra har eg ikkje hatt tid til å driva med det. Men eg har ein draum om å ta det opp igjen, seier han.
 

Wille er svært nøgd med mottakinga på Monstad, men nokon lett start har han ikkje fått. Det er han som har ansvaret for å leia prosessen der 200 menneske skal mista jobben sin.
 

– Ein skal vera veldig audmjuk i forhold til den jobben. På den eine sida skal ein redusera omkastingane for å verta meir effektive. Men på den andre sida er det menneske me har med å gjera, peikar han på.
 

Framover skal dei kvitta seg med nokre oppgåver, medan andre skal ein verta mykje meir effektive på enn i dag.
 

– Særleg måten me driv vedlikehald på er det masse å henta på å få meir flyt, seier han.
 

– Er det Mongstad eller Statoil sin måte å jobba på som er for lite effektiv?
 

– Det er nok begge delar. Eg trur nok at Statoil totalt sett har mykje å henta når det gjeld å få til effektivitet, seier han.
 

– Vert det fleire kutt enn dei varsla 200 stillingane framover?
 

– På det noverande tidspunktet er svaret eit bestemt nei til det. Me veit kvar me er i dag og kvar me må vera i framtida for å verta meir konkurransedyktige, seier han.
 

Det er overkapasitet på marknaden. Det sjølv om det dei siste åra er lagt ned 13–14 raffineri i Europa. Statoil estimerer at ein må legga ned 10–15 nye raffineri innan 2020 for å komma i balanse.
 

– Så dei tilsette treng ikkje å frykta fleire kutt framover?
 

– Det reknar eg bestemt ikkje med, nei.
 

PÅ Mongstad skal dei vera i mål med kuttprosessen innan utgangen av 2016. Dei fyrste kutta vert gjort i løpet av 2015, då må mellom 80 og 100 personar gå. Dei som vil søka sluttpakkar og tidlegpensjon har fram til nyttår på seg.
 

Wille vil ikkje gå i detaljar, men stadfestar at dei har fått inn fleire søknader om sluttpakkar enn kva dei hadde sett seg som mål. Det er og fleire som har fått nei på sine søknader.
 

– Det handlar om deira kompetanse og erfaring som me må ha for å driva eit raffineri. Me har brukt tid på å forklara folk kvifor me har sagt nei, seier han.
 

I tillegg til å kutta i stillingar, skal 2015 brukast til å bygga om raffineriet for 500 millionar kroner. På det viset endrar dei kva dei kan levera til marknaden. Dei skal endra fokus frå gassolje med høgt svovelinnhald men med låg pris og oppgraderer til å laga lavsvovla diesel.
 

– Ser ein framover er det diesel som vert hovudproduktet i Europa, trur han.
 

Men for at framtida skal verta verkeleg lys, må toppleiinga i 2016 seia ja til å bygga om anlegget for 3–5 milliardar kroner, slik at dei kan raffinera olja frå Johan Sverdrup-feltet. All olja skal pumpast til Mongstad, men per i dag kan dei berre prosessera fem til sju prosent av all olja som kjem inn.
 

– Klarar me ikkje å landa den, må me setja oss ned og tenkja kva no? Det er klart at det er noko meir å sjå kva løysinga er på det, innrømmer han. Eit alternativ då er å ta inn olje med skip, som dei prosesserer. Samstundes som all olja frå Johan Sverdrup vert skipa ut.
 

– Det må vera ein frustrerande tanke?
 

– Hehe, ja. Både og. Sjølvsagt vil eg gjerne ha den inn her og prosessera det i raffineriet. Men for Statoil må ein gjera det som totalt sett er optimalt. Det må vera den rette buisninesscase som avgjer det, seier han diplomatisk.
 

Artikkeltags