Kan spara 320 millionar på ti år

SPANANDE TIDER: Med alt som skjer på myndigheitsnivå og i olje og gassbransjen, går ein mot svært spanande tider på Statoil Mongstad. Mongstad-sjef Rasmus Wille til venstre. arkivfoto: Yngve Garen Svardal

SPANANDE TIDER: Med alt som skjer på myndigheitsnivå og i olje og gassbransjen, går ein mot svært spanande tider på Statoil Mongstad. Mongstad-sjef Rasmus Wille til venstre. arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statoil Mongstad-sjef Rasmus Wille seier at eit eventuelt eigedomsskattekutt frå Lindås kommune, i beste fall kan redda 7–9 ekstra arbeidsplassar. Over ein tiårsperiode kan dei spara over 300 millionar kroner på føreslådde kutt frå myndigheitene.

DEL

– Eg tykker det er veldig positivt at nokon høyrer på oss, det er veldig viktig for oss, seier Wille til avisa Nordhordland.
Det var i det siste kommunestyremøtet før jul at Framstegspartiet fekk eit fleirtal med seg på å vurdera å kutta i eigedomsskatten frå sju til seks promille. Det svarar til ein årleg reduksjon i inntektene til Lindås kommune på 23,3 millionar kroner. For Statoil Mongstad som er den største skattytaren kan det bety 12–13 millionar kroner i sparte utgifter.

LES OGSÅ: Mongstadbase permitterer 30 fast tilsette

Reddar 7–10 årsverk

– Me snakkar ein del med kommunen om dette med eigedomsskatt, og dei skjønar problemstillinga vår, noko som er bra. Og at dei no ser på dette er bra, men kva det går og kva veg det går, kjenner eg ikkje til, understrekar han.
Men legg til at det er veldig interessant for dei.
 

– Men samstundes så tapte de 1,1 milliardar i 2013, så har verkeleg 12–13 millionar i spart eigedomsskatt så mykje å seia for dykk?
 

– Tolv millionar kroner er masse. Ein kan rekna det om til årsverk. Det er gjerne sju-ti årsverk som ein i verste fall måtte ha skore ned ekstra. Så eg synst bestemt at 12–13 millionar kroner er masse pengar for oss, seier han.
 

Wille er ikkje nøgd med rammevilkåra som Statoil Mongstad opererer under i Noreg.
 

– Samanlikna med våre europeiske konkurrentar har me stadig vekk eit kostnadsnivå som er for høgt. Noko som og vert forsterka av at me er i Noreg, seier han.

LES OGSÅ: Kuttprosessen på Mongstad byrjar no

Klagar på rammevilkåra

Wille peikar på det høge lønsnivået me har her i landet, men og på rammevilkåra.
 

– Det er nokre rammevilkår me har her, som andre ikkje har. Då tenker eg på eigedomsskatt, dobbeltskattlegging på CO2 og elsertifikat, peikar han på.
 

Nyleg vart det kjent at den sitjande regjeringa har sendt ut eit lovforslag som fritek norske oljeraffineri for elsertifikatplikt. Det kan betyr 20 millionar kroner spart årleg, for Statoil Mongstad.
 

– Alle dei små tinga vert til slutt ein stor sum, peikar han på.
 

Berre kutt i eigedomsskatt og elsertifikat kan spara Statoil Mongstad for 320 millionar kroner over ein tiårsperiode.
 

Men det er likevel ikkje nok for å hindra raude tal i bøkene for 2014.
 

– Årsaka til det er dels at me har hatt ein planlagt revisjonsstans, samt at me har hatt problem med cracking-anlegget, seier han.
 

Som avisa Nordhordland skreiv om før jul, har cracking-anlegget, som står for omtrent halvparten av inntektene til bedrifta, vore ute av drift sidan byrjinga på desember. Årsaka har vore havari på ein kompressor.

LES OGSÅ: Mongstad går glipp av millionar dagleg

Kanskje betre 2015

Dette har komme samstundes som at oljeprisane har falt til botn, medan prisane på det som vert produsert på Mongstad har halde seg høg.

Dette har ført til at dei har gått glipp av millionar av kroner dagleg, i inntekter.
 

Forhåpentleg vert framtida betre. 2015 har starta med framleis låge oljeprisar og kuttprosjektet som skal spara inn ein milliard kroner byrjar å få ein viss effekt i år.

LES OGSÅ: Statoil glade for at Lindås vurderer skattekutt

Artikkeltags