– Folk er veldig glade, takksame og audmjuke. Det er utruleg fint at me får til dette saman. Nokre har ringt etter fristen, men me strekker oss for å hjelpa alle.

Birthe Bjørstad, fortel om mange telefonar prega av kjensler den siste veka. Ho er leiar for frivilligsentralen på Manger. Saman med frivilligsentralen på Frekhaug og Røde Kors Nordhordland organiserer dei julegåveaksjon.

Gymsalen på den gamle barneskulen i Knarvik har eit hav av gåver og kassar med mat. Dette er til 180 barnefamiliar i Alver. Dagen før vart det levert ut 70 kassar.

Sliten og lange dagar

Tysdag byrja dei frivillige å pakka. Under aksjonen står dei på frå morgon til kveld – fram til finalen denne helga kor ein skal levera ut til dei som kjem for å henta, og køyra ut mange julegåver.

– Når eg går heim om kvelden er eg mørbanka, men når eg vaknar neste morgon er eg heilt fin att. For eg kjenner ei glede over å bidra og gler meg til å komma her, seier Signe Wingaard, leiar i Røde Kors Omsorg.

Ho har vore ute og handla nokre siste gåver laurdag morgon, til nokre som melde inn behov etter fristen eigentleg var gått ut. Nordhordland Røde Kors har 16 personar jobbar skift med aksjonen, så ein ikkje slit seg heilt ut.

– Me legg heile sjela vår i dette, seier Wingaard.

Beskjedne damer

Først fredag kveld nærma ein seg ferdig med å gjera alt klart. Brannvesenet kom og hjelpte til med å telja opp ti appelsinar i kvar pose. NRK var òg til stades og filma eit innslag om aksjonen og dei frivillige.

– Då måtte me ha på oss litt sminke, sidan me vart filma. Me likar ikkje så godt merksemd og at folk kikar på oss, seier Wingaard.

– Damene til Røde Kors er så beskjedne, slår Bjørstad fast.

Men Wingaard meiner likevel at det er bra at folk vert klar over det frivillige arbeidet mange legg ned for å skapa ei betre julefeiring for familiar i lokalsamfunnet.

– I dag var det ei dame på butikken som såg eg handla med Røde Kors klede, og sa «Jøss, held de på med dette enno, det er så flinke!»

Jubel over pinnekjøt

Dei siste vekene er det samla inn store mengder julegåver, mellom anna utanfor bokhandlaren i Knarvik. Røde Kors har berre kunna komma og henta etter kvart som det har fylt seg opp.

Bjørstad opplever at det å få ei gåve å leggja under treet til ungane betyr mykje for mange foreldre, og å få moglegheita til å laga seg ein skikkeleg julemiddag.

– Det var nokon som vart så glade for å få pinnekjøt, og jubla. Det betydde så mykje. Å få dyre matvarer var ikkje noko dei hadde tenkt på i det heile.

Bjørstad seier at ein kunne ha brukt same sum på billegare mat. Til dømes å kjøpa hotdog og hamburgarar, for å ha mat i fleire dagar, men målet med aksjonen er noko litt anna.

– Me vil bidra til det ein nødvendigvis ikkje har råd til sjølv, for å gjera julefeiringa litt betre, seier Bjørstad.

– Dei som har henta er overvelda og imponerte, det er berre glede, fortel Wingaard.

I gymsalen vert det skrytt stort av samarbeidet om gjennomføringa, og gjevargleda over gåvene andre har gjeve.

Fleire familiar får gåver for mellom 500 og 1000 kroner. Nokre kjem til å få skøyter under treet, andre vinterjakker eller leiker.

– Det er fint at det er gjeve så mange ting, som me fordeler vidare til dei som har dårleg råd. At ungar som kjem tilbake på skulen etter ferien har lyst til å fortelja kva dei fekk til jul, seier Bjørstad.

Les også

«Vanlege folk» og «folk flest» står i vegen for dei som verkeleg treng hjelp