«– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpt før?»

FIKSA TRENINGSPROGRAM: Helge Brekke fiksa eit spesiallaga treningsprogram for den tidlegare forsvarsministeren.

FIKSA TRENINGSPROGRAM: Helge Brekke fiksa eit spesiallaga treningsprogram for den tidlegare forsvarsministeren.

Artikkelen er over 5 år gammel

Ho har aldri løpt i heile sitt liv, men Helge Brekke fekk den tidlegare forsvarsministeren til å stilla på Knarvikmila søndag.

DEL

– Han ringde meg i februar, og utfordra meg til å stilla, seier tidlegare forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Hennar første bekymring var alderen sin, og så mangel på erfaring.

– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpet før?, spurde ein svært bekymra, Strøm-Erichsen.

Gav ho eit treningsopplegg

Ho legg ikkje skjul på at Brekke er svært dyktig til å motivera og overtale folk.

– Han visste godt kor gammal er eg, meinte eg skulle klara heile mila, dersom eg følgde eit spesialsydd treningsprogram, som han ordna til meg. Då var det berre å setta i gang, seier Strøm-Erichsen.

LES OGSÅ: Rørt Helge Brekke takka av

Heilt sidan februar har ho lagt i trening, for å delta på Knarvikmila, og då Nh snakka med ho før start, var ho ikkje i tvil om at kondisjonen ville halde.

Gjennomførte

Strøm-Erichsen kom ikkje først i mål, men gjennomførde løpet med glans. Ho gav uttrykk for å vera både glad og letta, under premieutdelinga.

– Eg er så glad for at eg har fått vera med i eit så flott arrangement som Knarvikmila. Det er heilt fantastisk kva dykk har fått til her ute, seier Strøm-Erichsen.

No blir det spennande og sjå om ho stiller til neste år.

LES OGSÅ: Løpsfest for de minste

Artikkeltags