– Dette var herleg. Vi hadde blitt einige om at i dag skulle vi revansjera dei tre siste, sure tapa. Det var enormt herleg at det gjekk som det gjekk, seier Kristoffer Møvik til avisa Nordhordland etter NBK sin 4–0-siger heime mot Brann 3.

Hat trick

– Eg er særleg nøgd med fyrsteomgangen, men vi forsvarar oss bra i andre og, seier han.

Kampen var relativt jamspela, med få store sjansar. Men NBK var effektive og både eit og to hakk betre enn det unge Brann 3-laget gjennom heile kampen. Alt etter sju minutt låg den fyrste ballen i nettet, signet Aleksander Vågenes. Han enda med tre mål og ei målgjevande pasning.

– Vi var veldig effektive. Men det var og tre flotte mål, seier trenar Erlend Andås.

– Dei jobbar sinnsvakt bra i dag. Vi låg veldig godt samla med midtbane og forsvar, peikar han på.

LES OGSÅ: Hat trick-helten Vågenes

Ein svært kraftig nordavind tvang heldigvis begge lag til å halda ballen på bakken, noko som gjorde at dei måtte spela sitt eige spel. Tempoet var høgt og duellane tette.

– Lei når eg gjekk frå Brann

Ein viktig årsak til det gode resultatet er heimkomsten til Kristoffer Møvik, som er med på å balansera midtbana til NBK på ein god måte.

Etter opphald i Brann og Fyllingsdalen FK har fotballmotivasjonen til Møvik vore vekke.

– Eg var veldig lei då eg gjekk frå Brann til FKF. Der var eg hundre prosent og motivert, men så forsvann motivasjonen der og, seier han.

Han har ikkje heilt svaret på kvifor.

– Men ein må ofra ein del for å bli god. Og eg følte ikkje at eg fekk noko igjen for å verta så god. Eg har andre interesser som eg og vil driva på med, seier han.

LES OGSÅ: Må vinna i kveld for å henga med i toppkampen

Difor har han mellom anna brukt det siste året på å gå på friluftslinja på Norges arktiske universitet i Alta.

Men talentet har det aldri vore tvil om, og etter å ha trena litt med eit studentlag vart det tid for å trena med Alta sitt A-lag i førstedivisjon.

Heller skule enn toppfotball

Han fekk og tilbod om å satsa vidare med dei.

– Eg tenkte på det. Men no vert det truleg til at eg byrjar på skule i Sogndal, seier han.

Der er det heller ikkje aktuelt å ta kontakt med topplaget i bygda.

– Eg kjem berre til å ta kontakt med eit par av spelarane der som eg kjenner, om å få meg ein plass å bu, seier han.

Det er difor han har hatt tid til å vera med NBK i dei siste kampane før sommarpausen.

– Det er enormt gøy å vera med og hjelpa eit lag som har ambisjonar om å rykka opp, seier han.

Søndagens siger betyr at NBK no har 21 poeng etter 11 kampar og ligg på tredjeplass på tabellen, når dei går inn i sommarferien.

– Denne sigeren vart ekstremt viktig. Det er så utruleg stor skilnad på å gå inn i sommarpausen med dette resultatet enn eit tap, seier Andås.

LES OGSÅ: – Spelarane kan smila heile vegen heim i dag

Han peikar på at det hadde vore tungt mentalt, tyngre å gå på trening i sommar.

– No ser alle framover, seier Andås.

– Kan utan tvil spela i fyrstedivisjon

– Han har vore ekstremt

viktig og eg er veldig glad for at han får med seg dei

kampane han kan, seier NBK-trenar Erlend Andås.

Han er sjølvsagt glad for å ha med seg Kristoffer Møvik.

Andås seier Møvik løftar heile laget med sin kvalitet.

– Han kunne lett ha spelt i andredivisjon om han trente kontinuerleg, meiner han.

I Alta trur dei enno høgare om han.

– Han kan utan tvil spela i fyrstedivisjon, seier trenar for Alta IF, Rune Repvik.

Han stadfestar at dei hadde samtalar om kontrakt, men at det vart droppa då Møvik prioriterte skulen framføre fotballen.

– Møvik har ein fysikk som er viktig og han er godt trena. Vi har ein del offensive spelarar i troppen, og vi såg for oss at han kunne balansera den troppen og det laget vi har med gode, defensive eigenskapar, seier Repvik.

Han seier at om Møvik hadde vorte verande i Alta, hadde han framleis vore ein aktuell spelar for laget.

– Men skal ein spela i fyrstedivisjon så er det noko som må prioriterast. Nålauga er trongt, peikar han på.

– Men Møvik er framleis ung og har mange år igjen, sluttar Repvik.