Trenar Løv-Ham

Artikkelen er over 12 år gammel

Trond Bjørndal frå Frekhaug tar over som hovudtrenar i 1. divisjonsklubben Løv-Ham.

DEL

Men berre til eit anna namn er på plass.

– I utgangspunktet er eg hjelpetrenar også denne sesongen, men eg har sagt ja til å ta ansvaret for laget no når det er behov for det, seier Bjørndal til nh.

Bjørndal skulle gjerne hatt hovudansvaret permanent, og signala frå kubben tyder på at dette også er deira ønske, men døgnet er rett og slett ikkje langt nok for at dette skal la seg gjennomføra for småbarnsfaren, læraren og trenaren Bjørndal.

– Eg ønskjer å halda fram som lærar på Grasdal og eg ønskjer å vera involvert i Løv-Ham. Begge desse jobbane krev tid, og vert ofte med heim også. Skulle eg hatt hovudansvaret for Løv-Ham ville dette gått for mykje ut over ungane. Har lyst å ha eit klart hovud når eg er med dei, seier Frekhaug-mannen.

Optimistisk

Men inntil ein annan hovudtrenar er på plass i klubben frå Fyllingsdalen, kjem Bjørndal til å ta ansvar og leia dei kvite og grøne.

– Det er jo ikkje interessa det manglar på. Eg synest det er ein veldig kjekk og utfordrande jobb å trena Løv-Ham, så eg kjem til å vera med, seier han.

Utfordringane er mange for Løv-Ham, som med eit naudskrik berga plassen i 1. divisjon i fjor, men Bjørndal ser optimistisk på framtida.

– For vår del er det om å gjera å etablera oss i divisjonen, noko som er ei utfordring då vi møter klubbar med budsjett som er ti gongar større enn vårt. Sesongen vert spennande, seier Bjørndal, som ikkje utelukkar at han kan vera interessert i hovudtrenarjobben på permanent basis ein gong i framtida.

Artikkeltags