Tredjeplass i nordisk

STERK TREDJEPLASS: Morten Hope tok tredjeplass i nordisk meisterskap i styrkeløft i helga.

STERK TREDJEPLASS: Morten Hope tok tredjeplass i nordisk meisterskap i styrkeløft i helga.

Artikkelen er over 11 år gammel

Morten Hope (20) frå Austrheim tok tredjeplass i nordisk meisterskap i styrkeløft i Säffle i Sverige i helga.

DEL

Hope løfta heile 710 kilo til saman, 270 kilo i knebøy, 197,5 kilo i benkpress og 242,5 kilo i markløft. Under senior-NM i Bergen 3. mars løfta kraftkaren frå Austrheim til saman 700 kilo, og kvalifiserte seg dermed til nordisk meisterskap for juniorar mellom 19 og 23 år.

Hope fortel at oppkjøringa fram mot meisterskapen har gått veldig bra, og at han har vore i betre form enn nokon gong i prosessen.

Målet før meisterskapen var å kjempa om tredjeplassen, og sjølv om han klarte dette, var det ein bronsemedalje med litt bismak.

- Han som tok andreplassen løfta 712,5 kilo, så eg var utruleg nært sølvet. Dessverre hadde eg ikkje heilt dagen i knebøy denne gongen, seier Hope til nh.

Meisterskapen i helga var det tredje på like mange år for den råsterke Austrheim-karen. I 2005 tok Hope sølv, og denne bedrifta gjentok han året etter, vel og merka i ein annan klasse enn den han konkurrerar i no. I år vart det altså bronse.

Artikkeltags