Arvid vil ha VM-gull i sykling

NORGESMEISTER: Forrige helg vart Arvid Johannesen jr. Norgesmeister for master i temposykling. I september ventar VM. private fotos

NORGESMEISTER: Forrige helg vart Arvid Johannesen jr. Norgesmeister for master i temposykling. I september ventar VM. private fotos

Artikkelen er over 4 år gammel

Forrige helg vart Arvid Johannesen jr. (46) norgesmeister i temposykling. - Marginane er små, men alt klaffa for meg denne dagen, seier syklisten som no satsar for fullt, med VM-medalje som neste store mål.

DEL

Dei fem siste åra har alversundingen sykla aktivt. Men han har trent bestandig. Under NM for master i temposykling i Rauma forrige søndag, gjekk han heilt til topps.

– Eg fekk betalt for mange års hardt arbeid, seier Arvid og fortel at «ishavstempoen» i ei flat og fin løype passa han veldig bra.

Ny løyperekord

- Eg brukte 38.02 på den 30 km lange løypa, med start og målgang i Åndalsnes. Den gamle løype- rekorden var på 38,47, så det gjekk veldig fort unna, seier han.

- Dette er ei løype der du opnar hardt og har fullt trøkk heile vegen. Farten eg heldt var neste 47 km/t, og eg har aldri nokon gong sykla så fort, seier han.

NM-tittelen gjer 46-åringen kvalifisert både til Nordisk og til VM.

- Eg droppar Nordisk og prioriterer heller ferie med familien, seier han.

- Og så satsar eg på å vera med i verdsmeisterskapen i Danmark i september, seier Arvid. Og fortel at ferieturen med familien nettopp går til Danmark, der planen er å testa ut VM-løypa.

- Kva er målet ditt for VM?

- Eit VM i flate Danmark passar meg veldig bra, og VM har vore det store målet mitt i år. Eg går for å vinna, men mykje skal klaffa om eg skal lukkast, seier han.

I desse dagar vert det mykje TV-titting for Arvid, som for mange andre som er opptatt av sykling. Dagleg følgjer han med på korleis det går med syklistane i Tour de France.

Syklar kvar dag

Kvar einaste dag set han seg og på sykkelen for å få sin dose med trening. Nokre dagar driv han langkjøring, andre vert det kortare turar.

- Eg syklar stort sett rundt om i Nordhordland, mykje ut til Skjelanger, over Radøy og Austrheim, og ein del turar til byen.

– Korleis opplever du trafikken?

Det går stort sett greit. I april-mai er det mange syklistar ute og ekstra trøkk, og då kan eg oppleva hissige bilistar. Men etterkvart dabbar det av, og eg som syklar heile året har ikkje opplevd farlege situasjonar, seier han.

- Kva seier familien til at du brukar så mykje tid på sykkelen?

- Eg har to gutar som likar å sykla, og eg tenkjer at eg kan vera eit godt forbilde for dei.

- Eg trenar i snitt 2 timar for dag, eller 12-18 timar for veka. Ofte trenar eg om morgonen før ungane vaknar, eller om kvelden etterat dei har lagt seg, seier Arvid som har ei kone som jobbar turnus som sjukepleiar.

- Eg får likevel trent, for eg har montert rulle i garasjen, der eg syklar samtidig som eg er heime med gutane. Det gjeld å planlegga godt, seier syklisten som jobbar som sjølvstendig næringsdrivande og har familien med seg som heiagjeng når han syklar ritt.

Artikkeltags