– Vi anar ikkje noko om nivået, men vi veit jo at andre norske lag som har vore med i Champions League tidlegare har fått juling. Dette vert spennande, seier Stian Vik Birkestrand, ein av to austrheimingar på kameratlaget The West Wing.

Andreplass i NM

Plassen i Champions League sikra laget seg gjennom solid spel her heime.

– Vi har spelt gode turneringar lenge. Nivået på laga vert heile tida oppdatert via ei rankingliste, så det gjeld å vera god over tid. I Bergen toppa vi topp ti-lista etter sesongen, og dermed fekk vi spela NM. Her kom vi på andreplass, fortel Birkestrand.

LES OGSÅ: Skal gjera Knarvik Xtrem til det største løpet i Nordhordland

Laget som vann består stort sett av profesjonelle eller halvprofesjonelle spelarar frå dei øvste divisjonane i Norge. Desse er travelt oppteken med den heimlege serien, så no er det The West Wing som får sjansen til å forsvara dei norske fargane, saman med Hoellen Futsal som også er kvalifisert frå gamle furet værbitt.

Russisk og fransk motstand

The West Wing er eit kameratlag som har eksistert i to år. Laget har lite med vest å gjera, bortsett frå at det er frå Vestlandet – med base i Bergen. Det er derimot oppkalla etter den svært populære TV-serien med same namn.

– Han som starta laget er ein stor fan, og alle på laget har eigentleg sett serien også, fortel Birkestrand, som sjølv er ein av få aktive spelarar på laget.

– Vi har eit par som spelar i 3. divisjon, samt meg i Viggo i 5. divisjon. Utover det består laget stort sett av kameratar som har spelt fotball tidlegare, seier Birkestrand til Nh.

LES OGSÅ: Adrian (9) køyrer på laget til europameisteren

I?Champions League er naturleg nok motstanden formidabel, og karane i The West Wing, sjølv om dei altså ikkje anar heilt kva dei går til. Volga Saratov frå Russland og Aquarel CS Marqueville frå Frankrike er motstandarar i innleiande rundar. Dei to beste laga går vidare frå kvar av dei fire gruppene, så ein siger må til for å avansera.

– Tru til spelestilen

Sjølve turneringa vert uvant for The West Wing på meir enn ein måte. I tillegg til det som truleg er svært solid motstanda, vil kampane gå på handballbaner i full storleik, over 2x20 minutt med effektiv fotball, altså klokkestopp når ballen er ute av spel.

– Vi er vand med mindre baner og mykje kortare kampar, så det vert nok ei utfordring. Likevel trur eg vi er klare for dette. Fysikken er kanskje vår største fordel, seier Birkestrand til Nh.

LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år

Då Champions League-plassen var sikra vart nemleg karane på laget samde om at dei ikkje kom til å klara å verta betre fotballspelarar i løpet av eit par månadar.

– Men vi kunne verta betre fysisk, så vi har trena godt. I tillegg er vi eigentleg veldig flinke til å vera tru mot den tidvis nokså kyniske spelestilen vår. Alle veit kva dei skal gjera, og gjer det, fortel Birkestrand.

Drillo og Barca

Utanom Norge, Russland og Frankrike er også Tsjekkia, Spania, Catalonia og Baskarland representert i turneringa. Dei tre sistnemnde er kanskje tre sider av same sak her heime, men i Spania er det ikkje slik, ei heller i Champions League i futsal.

LES OGSÅ: Nordre Holsnøy opna med tap

Sjølve turneringa går altså føre seg i Lloret de Mar i Catalonia, ein times tid utanfor Barcelona. Det er unekteleg grunn til å tru at det er litt possessionorientert fotball ute og går i nokre av laga i turneringa, og The West Wing sin Drillo-inspirerte taktikk kan slik sett få brynt seg kraftig neste veke.

Nh kjem tilbake med resultat frå Spania.