Sterkt av Claus i Vasaloppet

STERKT LØP: Claus Sellevoll leverte eit sterkt løp i Vasaloppet. Han brukte vel fire timar og tre minutt. Også Vidar Tistel gjekk fort.

STERKT LØP: Claus Sellevoll leverte eit sterkt løp i Vasaloppet. Han brukte vel fire timar og tre minutt. Også Vidar Tistel gjekk fort.

Artikkelen er over 7 år gammel

I Thomas Wassberg-drakta.

DEL

Claus Sellevoll gjorde sine saker svært godt i Vasaloppet søndag. Han la dei 90 kilometrane bak seg på imponerande 4 timar, 3 minutt og 47 sekund. Det var seksten og eit halvt minutt raskare enn tida i fjor, men utan at det slo ut i betre plassering.

Draumegrensa

Claus Sellevoll hadde undervegs håp om å koma under drumegrensa på 4 timar, men kreftene strakk ikkje til. Men å bli nr 119 mellom 14 212 deltakarar på startstreken i eit så sterkt selskap er uansett ein kjempeprestasjon!

Vasaloppet er av dei beste rekna som det uoffiselle VM for langløp på ski.

Wassberg tilbake i svenske skogar

Claus stilte i si etter kvart så kjende Thomas Wassberg-drakt og han rapporterer om at svenskane framleis elskar sine eigne. Sjølv om Claus hadde namnet sitt på startnummeret var det "Wassberg"-tilropet han høyrde frå tilskodarane langs løypa.

- Kjende meg nesten som på heimebane gjennom heile rennet, fortel Claus. I mål var det til og med eit par deltakarar i eliteklassen som kom bort og ville bli tatt bilde av saman med ”strile-wassbergen”.

Også Tistel gjekk fort

Også reisekamerat Vidar Tistel frå Risnes IL i Masfjorden gjekk fort på ski søndag, trass relativt lite skitrening. Vidar kom i mål på tida 4 timar og 55 minutt .

Elles så fortel Claus at han traff på fleire andre strilar på deltakarbussen etter å ha gjort unna Vasaloppet søndag:

- Å gå 90 km på ski er inga stor påkjenning mot å sitja og høyra ein landsmann fortelja om løpet sitt, meldte Claus på ein sms frå Sverige i går kveld.

I år som i fjor vart Vasaloppet vunne av Jørgen Brinck, som senka løyperekorden med 16 sekund og gjekk i mål på 3 timar, 38 minutt og 41 sekund. Dameklassen vartvunnen av Vibeke Skofterud, også ho på ny løyperekord, 4 timar og 8 minutt.

Fire på Ørnarennet

Nordhordland skiklubb var representert med fire løparar på årets Ørnarenn. Rennet går frå Myrkdalen til Oppheim og tilbake, ein samla strekning på 37 km. Arrangørane hadde problem med å setja spor i løypene pga frost.

Bjørnar Stussdal var best av klubben sine deltakarar, han kom i mål på 2,11.

Fleire deltararar frå Nordhordland - sjå resulat i lenkja: http://www.langrenn.com/oernarrennet.5028577-117466.html

Artikkeltags