Sterk 8.-plass i Viljarennet

NM-LØYPA: Herman Toppe Alvær(13) imponerte mest i skisporet søndag, og skøyta den velkjente NM-løypa på 12 minutt og 26 sekund.

NM-LØYPA: Herman Toppe Alvær(13) imponerte mest i skisporet søndag, og skøyta den velkjente NM-løypa på 12 minutt og 26 sekund.

Artikkelen er over 4 år gammel

Fem løparar representerte Nordhordland skiklubb på Voss i helga.

DEL

– Dei manglar enno litt fart og trøkk i fråsparket til å hengja med dei beste, men Viljarrennet var ein fin start på skisesongen for dei fem skiløparane som deltok for Nordhordland Skiklubb, oppsummerar trenar Kenneth Alvær.
 

Dei fem skiløparane som representerte Nordhordland Skiklubb på Voss i helga var Julie Øvretveit (16) , Martin Kvamme Kalnes (16), Erland Jordal (14), Erlend Kvamme Kalnes (14) og Herman Toppe Alvær(13). Sistnemde var den som imponerte mest i skisporet søndag, og skøyta dei tøffe tre kilometerane i den velkjente NM-løypa på 12 minutt og 26 sekund.

Det var over minuttet etter vinnaren, men tida held til ein fin 8.plass mellom dei 18 deltakarane som fullførte i 13 årsklassen.

Til helga ventar nye sjansar for skientusiastane når Viking IF skipar til Vikingrennet i dei same løypene i Herresåsen på Voss.

Artikkeltags