Fotballsesongane 2013 og 2014 har ikkje vore anna enn eit mareritt for Radøy/Manger. I fjor vart dei kasta ut av 3. divisjon, då dei ikkje klarte å stilla lag i ein kamp.

Difor måtte dei i år stilla til start i 4.divisjon saman med mellom anna NBK.

Sesongen har vore alt anna enn lystleg for radværingane, der dei har gått frå tap til tap. Etter vårsesongen stod dei med elleve strake tap og ein negativ målskilnad på 11-63.

LES OGSÅ: – Spelarane kan smila heile vegen heim i dag

Haustsesongen byrja ikkje mykje betre, med eit 1-7 tap heime mot Gneist, forøvrig akkurat det same resultatet som i åpningskampen til radværingane, mot akkurat det same laget.

Det tok berre ti minutt før den fyrste ballen låg i nettet bak Ørjan Bongom. Takk være ein svært offensiv taktikk, elendig markering og stort sett svakt spel, fekk Gneist putta to til før pause.

Radøy/Manger hadde nokre halvsjansar, men dei var det fyrst og framst ein dårleg keeper på bortelaget som gjorde halvfarlege.

Andreomgangen starta som den førre slutta, og det gjekk berrre nokre få minutt før Gneist gjekk opp i ei 0-4 leiinga, og kampen var avgjort.

På dette tidspunktet slutta Gneist å spela som eit lag, og Radøy/Manger prøvde å heva seg. Radværingane skapte eit par farlegheiter, mellom anna eit skot som traff innsida av stolpen, men kom ikkje nærare.

LES OGSÅ: Fekk ikkje til fotball-samarbeid i Nordhordhordland i år

Gneist på si side heldt fram med skåringsfesten, og gav seg ikkje før dei hadde skåra sju mål på bortebane. Rett før slutt fekk Radøy/Manger sitt trøystemål, sjølv om det kanpt kan kallast det heller.

– Korleis er det å motivera seg til kampane når det går som det går for tida?

– Det er jo tungt, innrømmer kaptein Morten Storheim.

– Det er ikkje kjekt når det går som det går, seier han.

Trenar Alf Haugland er litt meir positiv

– Kampen vert øydelagd i 1. omgang då me slepp inn alt for lette mål. Men elles tykkjer eg det er positive takter, seier han.

– Er de motiverte til å ta fatt på haustsesongen?

– Ja, det trur eg alle er. Eg er i alle fall det. Det kan jo berre gå ein veg no, seier han ironisk.

– Kva er målsetjinga dykkar for hausten då?

– Det er å gjere det betre, seier han.

LES OGSÅ: Vil slå saman NBK og Radøy/Manger

Han peikar på at det er ei sterk avdeling dei er med i.

– Den er sterkare enn då me rykka opp for nokre år sidan, peikar han på.

Han dreg og fram at dei har eit sårbart lag.

– Me er få, og me er sårbare når me har så mange offshore og skiftarbeidarar, seier han.

I tillegg tykkjer han dei har vore uheldige.

– Då me møtte dei dårlegaste laga, var mange vekke og me stilte berre 11-12 mann på kampane, peikar han på.

– Når me har alle, er me fullt på høgde med dei andre laga nedst på tabellen, meiner han.

Haugland seier at dei varierer, og slik vil det vera med eit ungt og urutinert lag.

– Åra i 3. divisjon kosta for mykje. Det vart veldig mykje på får spelarar. No har det vore eit generasjonsskifte, men det har kome for få spelarar opp frå junioravdelinga dei siste åra. Omtrent ein spelar annakvart år, seier han.

LES OGSÅ: Radøy/Manger kasta ut av 3. divisjon

Men no har klubben tatt tak i det, og fått meir struktur på ungdomsarbeidet, meiner han.

– I åra som kjem, vil det koma større påfyll frå dei, trur han.

– Men kva skal de gjera no fyrst då?

– Me må fokusera på å komma oss ut av denne tralten. Me har eit knalltøft program framover, seier han.

Og han overdriv ikkje. Dei neste seks kampane er mot dei seks laga øvst på tabellen, for Radøy/Manger. Neste kamp er neste laurdag, borte mot Nordre/Fjell.