Det vart som forventa laurdag, då NBK reiste heim med full pott på laurdag.

Radøy/Manger har fått ein forferdeleg start på sesongen og stod med fem strake tap før dagens kamp. NBK på si side hadde fått ein draumestart med siger på tre av dei fire fyrste kampane.

Borte på Sletta viste NBK at formen fortsatt var fin og gav seg ikkje før dei hadde sett inn fem mål bak veteranen Ørjan Bongom.

LES OGSÅ: Lokalderby til helga

– Eg er godt nøgd i dag. Me skapar enormt med sjansar, og at me berre puttar to mål i fyrste omgang er eit sjansesløseri, seier NBK-trenar Erlend Andås etter 1-5 sigeren borte mot Radøy/Manger.

Laget hans hadde god kontroll på kampen, og radværingane hadde knapt ein einaste sjanse i heile kampen.

Etter ein kanonstart på sesongen, har NBK no vunne fire av dei fyrste fem kampane sine. Det er Andås naturlegvis godt nøgd med.

– Men me har ikkje fått poenga enkelt, seier han.

Mellom anna snudde dei sist bortekamp mot Voss etter å ha lagt under 3-2 til pause. No håpar han på at dei klarar å halda på formen.

– Eg trur me er gode nok til å henga med i toppen. Det er god kvalitet i gruppa, seier han.

LES OGSÅ: Strilar spelar Champions League

Og ei god gruppe treng han, då han må rotera mykje på laget.

– Det å få kontinuiteten i det er utfordringa vår. Men me har såpass stor gruppe at me kan rotera, seier han.

– Det er lenge sidan NBK har hatt ein så god tropp, legg han til.

Kampen mot Radøy/Manger var prega av eit til tider høgt tempo og harde tak, som det skal vera i eit lokalderby. NBK produserte fleire store sjansar, medan radværingane ikkje kom til ein einaste. Ein del av æra for det får den nye kapteinen på laget, Anders Belsvik.

– Han er ein leiar og er fantastisk god i duellspelet. Saman med Chris Fosse har me kanskje det beste stopparparet i divisjonen. Eg ville ikkje bytt dei med nokon, seier Andås.

Belsvik var naturlegvis nøgd med tre poeng i sitt fyrste lokaloppgjer i Nordhordland.

– Eg syns Radøy/Manger var gode og beit godt frå seg. Men ein ser dei vert slitne mot slutten og då har me kontroll, seier han.

– Er det stø kurs mot 3. divisjon no?

– Me vil no i alle fall henga med i toppen og me har det som målsetjig. Så satsar me på at me klarar å halda oss der oppe med Gneist, Brann 3 og NHH, seier han.

LES OGSÅ: Brann banka Radøy/Manger 9-0

Etter fem spelte kampar ligg NBK på 5. plass på tabellen, men både Loddefjord, Brann 3 og NHH, som ligg føre har alle mellom ein og tre meir spelte kampar enn NBK.

Radøy/Manger på si side, ligg der dei har vore sidan fyrste seriekamp. Sist på tabellen. Etter seks spelte kampar har dei skåra fattige tre mål og slept inn heile 33. Likevel ser dei framgang.

– Det vart tap, men me forbetrar oss litt frå dei andre kampane, meiner Vegard Askeland.

Han syns dei var flinkare til å halda på ballen og få i gang litt eige spel mot NBK.

– Det er ikkje alltid resultatet seier korleis kampen var, legg han til.

Han legg ikkje skjul på at det har vore ein tøff start på sesongen.

– Me har møtt ein del gode lag. Men det er ein del kampar igjen, og me satsar på å komma oss i den andre halvdelen av sesongen, seier han.

– Unngår de nedrykk?

– Me skal prøva å unngå at det vert me som rykker ned, seier han.

LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år