Soltvedt styrer Kvernbit og Meland Aktiv

DAGLEG LEIAR: Trond Egil Soltvedt er ny dagleg leiar i Kvernbit og Meland Aktiv. Hege Annette Hellen får det økonomiske ansvaret.

DAGLEG LEIAR: Trond Egil Soltvedt er ny dagleg leiar i Kvernbit og Meland Aktiv. Hege Annette Hellen får det økonomiske ansvaret.

Artikkelen er over 11 år gammel

Trond Egil Soltvedt er tilsett som dagleg leiar i Kvernbit Idrettslag og Meland Aktiv. Hege Annette Hellen får det økonomiske ansvaret.

DEL

Etter kvart som Kvernbit har vakse, har behovet for ein dagleg leiar kome snikande. I august vart stillinga lyst ut, og no er det altså klart at jobben tilfell den tidlegare Englandsproffen Trond Egil Soltvedt.

Stillinga er 100 prosent, og med seg på laget får Soltvedt økonomisekretæren Hege Annette Hellen i ei 20 prosent stilling.

- Dette vert grådig spennande, og vi gleder oss veldig til å koma i gang, seier Hege Anette Hellen, som tar sikte på å jobba to halve dagar kvar veke.

- Privilegium

For Trond Egil Soltvedt sin del, vert hobbyen no jobb. Den tidlegare fotballproffen er allereie tungt inne i Kvernbit Idrettslag, og har no fått det han ser på som draumejobben.

- Eg synest eg er veldig privilegert som får lov til å jobba med dette her. Eg har gått inn med hud og hår i klubben, og brenn veldig for dette, seier Soltvedt, som allereie trenar to av laga til Kvernbit, og tidlegare har vore spelande trenar for klubben sitt A-lag.

- Avlasta eldsjelene

Soltvedt forklarar vidare at den første prioriteten som ny dagleg leiar i Meland aktiv, er å avlasta alle eldsjelene som held hallen i gang.

- Meininga no er å få ting meir i system. Vi er heilt avhengig av å halda fram med den frivillige vaktordninga vi har i dag, men med eit par tilsette personar i hallen, vert det meir orden på ting. Då har folk nokre namn dei kan venda seg til med konkrete spørsmål, seier den påtroppande daglege leiaren.

Klubb i vekst

Trond Egil Soltvedt skamrosar alle eldsjelene som har gjort ein utruleg jobb for Meland Aktiv og idrettslaga i Meland. Han understrekar at slike menneske kjem til å verta svært viktige også i framtidsplanane på Fossemyra.

- Kvernbit er ein stor klubb, og den vert berre større. Stadig fleire flyttar til kommunen, og det gjer at også talet på medlemmar veks. Vi er heilt avhengige av frivillige som stiller opp, men å tilsetja folk i klubben og Meland Aktiv skal mellom anna bidra til at ting vert betre tilrettelagt for eldsjelene, seier han til nh.

Stor jobb

Jobbane i Kvernbit Idrettslag og Meland Aktiv er i ein toårsperiode prosjektstillingar, der Trond Mohn går inn og garanterar for arbeidsplassane.

Arbeidsoppgåvene til Soltvedt og Hellen vert alt som har med Meland Aktiv å gjera, samt det overordna ansvaret for Kvernbit Idrettslag. Dette omhandlar alt frå sponsor- og kontingentinntekter til treningstider og trenarkabalar.

Jobben er utvilsamt stor, men dei to ser fram til å koma i gang.

Artikkeltags