Knarvik-elevar best med børsa

Av

Imponerte under Skuleskytinga.

DEL

Både på ungdomstrinnet og på den vidaregåande skulen imponerte elevane frå Knarvik-skulane stort under årets Skuleskyting.

Dei fem elevane som utgjorde Knarvik ungdomsskule sitt lag i Skuleskytinga denne sesongen, gjekk like godt heilt til topps i konkurransen, som vert arrangert av Det Frivillige Skyttervesen.

Laget består av Bjørnar Berge Lie, Eirik Hageseter, Stian Vatnøy, Torbjørn Ø. Veland og Runar Lie Berge.

Dei fem ungdomane skaut til saman 748 poeng av 750 mogelege i finalen. Dette var to poeng meir enn Sogdalen Ungdomsskule, som kapra andreplassen på 15-metersbana.

Dalsøyra Skule tok 6. plass i Skuleskytinga, med til saman 721 poeng. Litt lenger nede på lista hamna Nordbygda Skule, som med sine 694 poeng tok 13. plass i konkurransen.

I konkurransen for dei vidaregåande skulane, enda Knarvik VGS på ein sterk 2. plass, berre slått av Meråker VGS. På Knarvik sitt lag skaut Daniel Austegard, Vidar Kvalvåg, Kjetil Brekke, Cato Dale og Sindre Fosse.

Dei fem enda på til saman 745 poeng, to poeng bak førsteplassen, men solide 26 poeng framfor 3. plassen, Voss VGS, avdeling Bryn.

Artikkeltags