Sterke strilar på Voss

Herman Alvær, Markus Hansen og Jarl Von Reibnitz i Herresåsen i helga.

Herman Alvær, Markus Hansen og Jarl Von Reibnitz i Herresåsen i helga. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Nordhordland Skiklubb leverte eit godt skirenn i Herresåsen søndag, og halverte nesten forspranget opp til teten målt mot resultatet sist helg.

DEL

Det var 92 startande då Vargar IL skipa til karusellrenn i Herresåsen på Voss søndag.

– Eg er fornøgd. For ei veke sidan var eg ein minutt bak han som var best i dag. I dag var eg 34 sekund etter. Eg kjende meg ganske bra og hadde gode ski. Det var veldig jamt i dag, så eg konkluderer med at dette var eit bra renn, oppsummerer Herman Alvær etter rennet.

LES OGSÅ: Lina (4) nekter å stå på slalåm i barnebakken. Ho vil vera i den store bakken saman med dei vakse

Ny i klubben

Lagkamerat Markus Hansen gjorde sine saker bra i 15-årsklassen og gjekk inn til 3.-plass. Med til Voss var også Jarl Von Reibnitz som er nyinnmeld i Nordhordland Skiklubb. Alvær nyttar høvet til å skryta av sin nye lagkamerat.

– Jarl kom til Norge i september og er frå Tyskland. Han har begynt å gå på ski i år og går sinnssjukt fort for å vere nybegynnar, fortel Herman T. Alvær.

LES OGSÅ: Takka vera denne gjengen kan alle stå på ski i Stordalen år etter år

Stigande form

Neste helg er det nytt renn på Totræna i Samnanger. Fram mot det planlegg Alvær rolege treningar og ei intervall-økt.

– Eg har hatt ei ganske hard treningsøkt i helga, så eg trur det er viktig å roa ned litt før neste renn. Samstundes må ein halda forma inne, så ein kan ikkje kvila på laurbæra, seier 14-åringen. Han har tru på at det skal gå vegen til helga.

– Dette er eit klassisk renn som eg trur skal passa meg bra. Eg har dessutan stigande form, så det er bra, seier Herman. Den store styrkeprøven kjem i slutten av februar. Då skal han delta på «Ungdommens Holmenkollrenn», som er rekna for å vera eit uoffisielt NM.

LES OGSÅ: Sjå, ein danske på ski!

Resultat

Gutar 14 år 3 km (f. 2002)

Simen Engevik, Stord IL 00:08:09

Thomas Vethe, Vargar IL 00:08:34

Jonas Lefdal, Fana IL 00:08:39

Herman T. Alvær, Nordhordland SK 00:08:43

Gutar 15 år 4 km (f. 2001)

Jonatan Skjerping, Osterøy IL 00:10:58

Elias Mostraum, Osterøy IL 00:11:10

Markus Veland Hansen, Nordhordland SK 00:14:27

Artikkeltags