Gå til sidens hovedinnhold

Sjakkbragd frå Andås og Masfjorden

Artikkelen er over 10 år gammel

13-åring til topps i påsketurnering.

Kjetil Andås gjorde sine saker svært så bra under Norsk Sjakkfestival på Fagernes i påsken. Det var i lynsjakk Kjetil slo til, og gjekk like godt heilt til topps.

Norsk Sjakkfestival vart arrangert på Fagernes 17.-24.april. Festivalen er ei nyskaping i norsk sjakk som ein satsar på skal erstatta den tradisjonsrike Gausdal-festivalen.

Det vart avvikla ei rekkje turneringar i løpet av veka, mellom anna Det opne NM, der 13 stormeistrar og internasjonale meistrar frå inn- og utland deltok.

Masfjorden Sjakklubb hadde berre med ein spelar, men det held i massevis.

13 år gamle Kjetil Andås, som no er den mest lovande ungdomsspelaren i klubben, viste seg nemleg ansvaret verdig. I hovudturneringa tok 13-åringen 3 av 7 poeng i gruppe B.

Han presterte med det over forventa, og fekk ein pen ratingauke.

Men det var i Fagernes Påskelyn Grand Prix den unge sjakkspelaren verkeleg skulle visa seg fram.

På sensasjonelt vis gjekk Kjetil heilt til topps i gruppe B med 8.5 av 11 poeng, og det endå til i eit sterkt felt med 27 deltakarar.

Rakettstarten med 6.5 poeng på dei sju første rundane hjelpte sjølvsagt godt på.

Kjetil slo mellom anna nummer to i gruppa, 66 år gamle Odd Ristesund frå Kampen Sjakklubb i Oslo i innbyrdes oppgjer.

Ristesund er ein renommert lynsjakkspelar med mange toppresultat å visa til.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her