– Det er sjølvsagt stort å ta gull, seier attenåringen frå Stranda til avisa Nordhordland.

Han går på Norges Toppidrettsgymnas i Bærum, men tilhøyrer Masfjorden sjakklubb.

LES OGSÅ: Sjakkbragd frå Andås og Masfjorden

På skulen står sjakk på timeplanen 10 timar i veka.

– Ein hobby

Hølleland fortel at han har spela sjakk sidan han var elleve år.

– Sånn sett kom eg relativt seint i gang med dette, seier han. Likevel har han utmerka seg tidlegare, med eit gull i Ope NM tidlegare i år, og fleire andre store prestasjonar.

– Eg har allereie ein tittel frå før, men det er så klart stas å vinna meir, seier Hølleland, som sjølv ser mest på dette som ein hobby.

– Det skal mykje til for å komma heilt i toppen her, så det blir nok på hobbynivå, trur han.

Nordisk meisterskap

Med prestasjonen frå helga kvalifiserer Sigve seg til å delta i Nordisk meisterskap i 2015. Sjølv er han ikkje sikker på om han skal vera med der.

– Vi får sjå. Eg har sjølvsagt veldig lyst, men det må passe inn med skulegangen, seier han. Så tida vil visa om den unge Nordhordlendingen skal utmerke seg utanfor landets grenser.

Trend

NM for ungdom vart i år arrangert i Stavanger. Her vart det sett ny deltakarrekord, der 414 spelarar deltok i sju aldersklassar.

– Trenda no er at medlemstala går opp, både hos born og vaksne, seier trenar i Masfjorden sjakklubb Odd Helge Birkestrand. Han kan fortelje at Hølleland har vore medlem i klubben i mange år, men at dei ikkje følger han så tett no når han er går på toppidrettsgymnaset.

– Han får oppfølging derfrå, men me følger med han på turneringar, og bidreg ofte litt økonomisk til reisene, seier Birkestrand.

LES OGSÅ: Soltvedt tar rolle i bergensfotballen

– Til gjengjeld har han blant anna stilt som instruktør på sjakkleiren som me arrangerte på Sandnes skule i sommar.

Masfjorden sjakklubb har for tida rundt 50 medlemmer.

– Vi har teke inn medlemmer frå Lindås kommune og, for dei har ikkje hatt noko klubb til no. For å få delta i turneringar må ein vera medlem av ein klubb, fortel Birkestrand, og legg til at klubben er svært stolte av den unge sjakkspelaren.