Rørt Helge Brekke takka av

ABDISERTE: Knnarvikmila-kongen Helge Brekke takka for seg på sundag.

ABDISERTE: Knnarvikmila-kongen Helge Brekke takka for seg på sundag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det var ein rørt men letta Helge Brekke som gav stafettpinnen vidare og takka for seg under premieutdelinga på Knarvikmila.

DEL

– Eg legg ikkje skjul på at det er litt vedmodig å gje seg etter 34 år i Knarvikmila. Samstundes er det ei stor lette, for arbeidet med Knarvikmila er svært ansvarsfullt, og har vore ein stor del av livet mitt og på mange måtar ein livsstil, seier Brekke til publikum.

Alle har vore med

På tribunen sat det fleire folk enn nokosinne, og Brekke nytta anledninga til å takka alle som har vore med.

– Eg vil takka alle som har vore med å bygga opp Knarvikmila. Mange har bidrege, og dykk har alle vore med å forma dette arrangementet som vi har i dag, seier Brekke.

LES OGSÅ: Eddie (42) vert den nye milsjefen

Vidare nemnde han utdanningsprosjektet i Etiopia, og idrett utan alkohol, som særskild viktig satsing.

– Det har vore viktig for oss å skapa ein høg kvalitetsprofil. Ungar skal kunne delta på arrangement i Knarvikmila, utan at foreldra skal vera redde for dei, seier Brekke.

Gav stafettpinnen vidare

Helge Brekke ville nok ikkje gitt seg dersom han ikkje hadde funnen ein verdig arvtakar av stillinga som leiar av Knarvikmila, men det har han altså funnen.

LES OGSÅ: «– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpet før?»

– No gir eg stafettpinnen vidare til Eddie Ebbesvik. Eg har full tillit til han som ny leiar, og vil trekka meg heilt tilbake, seier Brekke.

LES OGSÅ: Løpsfest for de minste

Eddie Ebbesvik takka audmjukt for tilliten.

– Det er ein stor ære og ta øve den viktige jobben, og eg er svært audmjuk, og gler meg samstundes til å jobba vidare med alle dei frivillige som er med på å halde liv i Knarvikmila, seier Ebbesvik.

LES OGSÅ: Knarvikmila startet som dugnad. Nå er det blitt millionbutikk

I kommentarfeltet under kan du senda ei helsing til KnarvikMila-kongen.

Artikkeltags