Ristar seg i betre form

Artikkelen er over 9 år gammel

Vibrasjonstrening i eige studio.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Vibrasjonstrening vert nok sett på med skepsis frå enkelte hald, men fuglane skal vita at det er tungt nok. – Vi var her for tre dagar sidan, og eg har gangsperr enno, ler Margrethe Vik frå Knarvik.

Turen er lagt til det heilt nye treningsstudioet easyTrain i Åsane. Studioet har vore i bruk i ein månad, og det er Meland-jenta Karianne Io (29) som er gründaren. Allereie no har ho byrja å opparbeida seg ein god kundekrins, og det er mange som tar turen frå Nordhordland.

EasyTrain er eit annleis treningsstudio. Her finst ingen speglar eller dårleg skjulte kleskodar. Fokuset er sett på effektiv trening og trivsel.

- Eit kvarter med vibrasjonstrening tilsvarar halvannan time med vanleg trening. Så effektivt er det faktisk. Men ein kan ikkje trena kondisjon på Fitvibe-maskinane vi brukar. Dette er berre muskeltrening, seier Karianne Io.

- Alternativ

Karianne eig og driv det nye treningssenteret saman med sambuaren Thomas Hoff. Dei har innreia koselege lokale med eiga sitjegruppe, lesestoff og kaffi for dei ventande. Sjølve treningslokalet er lyst og fint, med tre Fitvibe-maskinar. Her er det lagt opp til at folk skal kunne kosa seg med treninga.

- Vi ønskjer å vera eit alternativ til vanlege treningssenter. Det er veldig mange som vil trena, men som kvir seg for å gå på treningssenter av ulike grunnar. Maskinene vi har er lagt opp slik at alle kan bruka dei, og vi har kundar frå 14 til 70 år, fortel Karianne.

Medisinsk godkjente

Det er ikkje snakk om at nh sin utsending berre skal få høyra om korleis vibrasjonstreninga fungerar. Her må ein også i aksjon sjølv. No er det ikkje akkurat landslagsmateriale som er utsendt frå avisa denne ettermiddagen, men det er då heller ikkje påkrevd.

- Vi stiller inn maskinene etter den ulike sine behov og fysiske form. Dette er maskinar som er medisinsk godkjente, og dei vert brukt til alt frå rehabilitering av skader og sjukdom, til tung trening blant toppidrettsutøvarar, seier Karianne.

Ti minuttar seinare er dei fleste musklane i underteikna sin kropp i milkshakemodus. Den ikkje heilt frivillige treningsøkta vert avslutta med lett leggmassasje, som også er programmert i maskina. Slik vert alle treningane avslutta.

- For folk i farta

At muskeltreninga er hard nok, det skal vera heilt sikkert. Både leggar, lår, overarm, underarm, rygg, mage og skuldrer vert trena i løpet av eit lite kvarter, og det er heller ikkje noko å seia på gangsperra dagen etter.

- Dette er perfekt trening for folk i farta. Det er ikkje alle som har tid til å bruka fleire timar på treninga. Då er det langt meir effektivt å trena intensivt i eit kvarter, og ha det same utbytet som halvannen time utan vibrasjon, seier Meland-jenta, og poengterar at ein på denne måten også får trena ein del musklar som ein vanlegvis ikkje når.

- Støttemusklane vert også trimma av vibrasjonstreninga, seier ho til nh.

Effektivt og gøy

To av dei som har fått augo opp for vibrasjonstreninga er Margrethe Vik og dottera Therese. Dei var på trening første gong mandag denne veka, og torsdag var dei på plass igjen.

- Det går fort og så er det både tungt og gøy i tillegg, seier Margrethe Vik, som også trenar på vanleg treningsstudio frå før av.

- Eg gjekk på pillates tre gongar i veka, men no passar det berre ein av dagane. Det var difor eg ville prøva dette. Og eg har faktisk gangsperr enno etter mandagstreninga, seier ho.

Saman med dottera Therese, vert ho guida gjennom dei ulike øvingane av Karianne, som heile tida gir oppmuntrande kommentarar, spesielt når det er tyngst.

- Sunt å vera skeptisk

At folk er skeptisk til treningsmetodane, som først vart tatt i bruk av NASA på 60-talet, har ikkje Karianne Io problem med å forstå. Men ho rådar likevel folk til å prøva vibrasjonstrening før dei gjer seg opp ei meining.

- Det er sunt å vera litt skeptisk, men det har enno ikkje skjedd at folk som har prøvd dette, ikkje har gått ut herfrå med eit lite smil om munnen, seier ho, og legg samstundes til at alle som ønskjer det får gratis prøvetimar.

Artikkeltags