Otto Fredrikson kjempar for fotballkarriera

SKOT: Norebø hjelper Fredrikson med å få ballkjensla igjen, etter lang tid på sidelinja.

SKOT: Norebø hjelper Fredrikson med å få ballkjensla igjen, etter lang tid på sidelinja. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Den finske landslagskeeperen har i sommar vore i Austrheim for å trena seg opp etter ein alvorleg kneskade. Men han vil ikkje trena med gamleklubben Lillestrøm.

DEL

– Målsetjinga mi er å bli fit til vintervindauga opnar igjen, seier den tidlegare Lillestrøm-keeperen.

Etter at han for snart 14 månader sidan øydela kneet sitt medan han spelte for den russiske toppklubben Spartak Nalchik, har Fredrikson kjempa for å koma tilbake på toppnivå som keeper. Den siste veka har han mellom anna trent i Austrheim.

– Det er Gunnar som har ordna treningsleir for meg her, seier Otto Fredrikson til avisa Nordhordland, og flirer.

LES OGSÅ: LSK-keeper til russisk fotball

Den siste veka har den tidlegare finske landslagskeeperen vore i Austrheim saman med kompisen og det tidlegare supertalentet, Gunnar Norebø.

Har finsk kone

Familiane Norebø og Fredrikson er naboar på Rælingen, og har på den måten vorte kjent.

– Otto og familien budde der fyrst, så kom vi dinglande etter. Det heile var tilfeldig, men så er kona mi finsk, så då var det eigentleg heilt perfekt, seier Norebø, som opphaveleg er frå Austrheim.

Otto Fredrikson har mellom anna 13 A-landskampar for det finske landslaget, og han spelte i Lillestrøm frå 2006 til 2010.

Deretter prøvde han lukka i russisk toppfotball, i klubben Spartak Nalchik. Der han fekk den alvorlege kneskaden sin.

– I vinter var eg mellom anna på rehabilitering i Frankrike. Og etter at eg kom heim har Gunnar vore der og hjelpt meg med fine skot, og gjeve meg kjensla med ball igjen når kneet har byrja å tola det, fortel Fredrikson.

– Kva er status med kneet ditt no?

– Det er eit veldig godt spørsmål. Det er nesten umogleg å seia, for det har vore ei komplisert historie med fleire tilbakeslag. Men no ser det eigentleg bra ut, seier han.

Vil ikkje trena med Lillestrøm

Målet hans er å vera klar til vinteren og sesongoppkøyringa i Skandinavia.

– Sommarvindauga er det uaktuelt, eg er ikkje i stand til å spela fotball enno, innser han.

LES OGSÅ: Fredrikson meldte forfall mot Norge

Han trenar for seg sjølv heile tida. Klubben han tilbrakte fem år i, Lillestrøm, vil han ikkje trena med.

– Eg kunne ha trent med klubben, men eg vil eigentleg ikkje vera der. Eg har vore vekke i nokre år frå klubben og det er nye trenarar der no. Så då er det ikkje naturleg for meg å vera der, seier han.

– Og sidan eg ikkje spelar for klubben, har dei ikkje tid til følgja meg spesielt. Men det er klart at eg har snakka med dei, og når eg er i stand til å trena fotball så er eg velkomen der, seier han.

– Eg har eit godt forhold til klubben understrekar han.

Familien har vore til stor støtte

Fredrikson er gift og har to born på høvesvis fire og eit år. Det har vore til stor støtte i løpet av den tunge skadeperioden hans.

– Det er heilt klart. Det hadde vore veldig tungt å sitja heime åleina og tenkja på det å vera skadd, innrømmer han.

– Korleis klarar du å halda motivasjonen oppe elles då?

– Det er jo det at eg har eit stort håp om å spela fotball igjen. Eg var på mitt høgaste nivå då eg vart skadd og eg var på landslaget. Så eg har veldig lyst til å komma tilbake der eg var. Eg føler meg ung nok til å spela i mange gode år enno, seier keeperen som fyller 31 år i år.

– Kor vil du spela då?

– Det er ikkje så viktig. Det er stort sett tilfeldigheiter kvar ein hamnar. Avhengig av kortid ein vert frisk og kor ein har behov for ein keeper som meg og kor det er aktuelt å flytta familien til, seier han.

– Vi har budd i Norge i åtte år no, så det hadde høvd fint med skandinaviske klubbar. Og vi bur jo i Norge, så det er veldig aktuelt når eg vert fit. seier han.

Fredrikson innrømmer at tanken om at han kanskje aldri kjem tilbake på toppnivå igjen har streifa han.

– Ein vert realist etter å ha gått 13-14 månader med ein skade som ikkje vil verta så bra som ein sjølv vil. Då vert ein realist og innser at det er tilfeldigheiter her i livet. Men no ser det veldig lyst ut og eg føler har kontroll på opplegget, seier han.

Viktig samtalepartnar

Gunnar Norebø var supertalentet som aldri slo gjennom. Storklubben Ajax ville ha han, men Norebø ville halda fram i Brann litt til.

Det enda i eit skademareritt utan like, og ei fotballkarriere som aldri vart det mange trudde og håpte på.

– Du kan vel fortelja Fredrikson ein del om det å gå skadd i lang tid?

– Ja, men eg og han er ulike. Han er ein mann, eg var berre ein unggut når eg vart skadd. Han har meir hovudet med seg enn kva eg hadde. Ein må vera tolmodig som Otto er, eg var ikkje det. Eg var meir keen på å spela raskast mogleg. Eg var for ung for å takla det, seier Norebø.

– Det at Gunnar har erfaring frå dette er gull verd for meg, seier Fredrikson sjølv.

– Sjølv om han seier han ikkje har noko å bidra med, er det utruleg verdifullt å ha ein samtalepartnar som har opplevd noko liknande. Det er det ikkje mange som har, peikar han på.

– Kva snakkar de om?

– Ikkje noko spesielt. Men vi har ein god «connection». Gunnar har jo vore profesjonell spelar i mange år, og veit kva det handlar om. Det er fantastisk å ha han her, seier ein openhjartig Fredrikson.

Men det har ikkje berre handla om fotball i den vesle veka dei to familiane har feriert i Austrheim. Det vart tid til både krabbefiske og bading.

– Det har vore ein fantastisk måte å få nokon dagar med ferie, og å få verta kjent med dette hjørnet av Norge og, seier Fredrikson.

Artikkeltags