Opna lysløypa til Vanntanken

VANDRAR MED FREIDIGT MOT: Det var rundt 50 frammøtte til opninga av lysløypa. Då lyset var slått på, vandra dei saman til topps.

VANDRAR MED FREIDIGT MOT: Det var rundt 50 frammøtte til opninga av lysløypa. Då lyset var slått på, vandra dei saman til topps. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Spreke nordhordlendingar har fått enno ei utfordring å bryna seg på i vintermørket.

DEL

– Tysdag kveld opna vi den nye lysløypa frå aktivitetsløypa og opp mot vasstanken, fortel primus motor Helge Brekke.

Med det er tilbodet til dei som vil mosjonera og trena i Nordhordland kraftig utvida.

– Det er ein stor fordel for folk å ha ein bakke å gå i. Då får ein opp pulsen, og det er uhyre viktig for å få opp kondisjonen, seier han.

– Du bør vera i god form

Løypa som er lyssett er ein 7–800 meter med tidvis svært bratt bakke, med eit rolegare midtparti.

– Du skal vera i god form for å klara å springa heilt nedanfrå og opp, meiner han.

LES OGSÅ: Knarvikmila hoppar i det med nytt tilbod til utviklingshemma

BKK byrja for under tre veker sidan med å setja på plass dei 18–19 lysmastene og sørga for at det er lys heile vegen opp.

– Eg vil gje all honnør til BKK for den jobben dei har gjort, seier han.

Kostnaden med graving og alt ligg på litt i underkant av 300.000 kroner pluss moms. Det er Knarvikmila som dekker kostnaden.

– Knarvikmila betalar dette som ein gest til folk i nærmiljøet, slik at dei får eit enno meir positivt forhold til Knarvikmila, seier han. For å finansiera opplegget har dei mellom anna arrangert loddsal, der dei fekk inn heile 63.000 kroner.

– Folk kjem frå heile distriktet

Heile lysløypesystemet utgjer no 3,2 kilometer, inkludert turen opp og ned ved Vanntanken.

– Det er ingen grunn til at knarvikingane skal legga på seg no, altså?

– Nei, me får ikkje tru det. Men det er ikkje berre folk frå Knarvik, det er folk frå heile Nordhordland som brukar dette anlegget, seier han.

Tom Herstad er ein av karane som har vore med på dugnaden for å få på plass infrastrukturen til lysløypa. Han har rydda og bore kvistar og likande.

– Eg er med desse såkalla Helge Brekke-kameratane og ser nytten av å få lys i løypa, slik at vi kan gå tur utan farar, seier han.

LES OGSÅ: Store namn til KnarvikMila

På ein laurdag var dei nærare 25 personar i dugnadsgjengen som var med og gjorde ein innsats.

Herstad peikar på at løypa ikkje har vore tilgjengeleg etter at det har vorte mørk.

– Godt for fellesskapet

– Dette er eit stort framskritt, seier han. Sjølv ser han fram til å bruka løypa oftare.

– Eg var her sist på laurdag på tur, men eg ser fram til å sleppa å ha med meg lommelykt når eg skal ut på tur, seier han.

Ordførar Astrid Byrknes stod for den offisielle opninga av løypa.

– No er det inga orsaking til å ikkje komma seg ut lenger, sa ho.

– Kom dykk ut, kom i form, sjå kvarandre, møt kvarandre. Det er godt for fellesskapet, sa ho i opningstalen sin.

Artikkeltags