Sjølv om Nordre Holsnøy tapte denne kampen, er dei ikkje helt ute av kampen om opprykk bak Kvernbit.
Konkurrentane Sartor og Skjergard spelte uavgjort laurdag, det gir Nordre Holsnøy ein liten sjanse. Dei har Skogsvåg og Kvernbit igjen i dei resterande kampane.
Det vart ein sjanserik kamp mellom laga som det var i vårsesongen. Seks minutt før full tid var det ein svært spesiell situasjon. Nordre Holsnøy hadde ein ball innanfor stengene, som dommaren ikkje godkjente. Det spesielle var at han vurderte situasjonen etterpå, og innrømde at ballen var inne i målet. Sidan spelet hadde gått vidare, kunne han ikkje dømme scoring.

Les også
Kommentarer til denne saken