Ein gjeng med temposyklistar frå Voss var først over målstreken under Nordhordland Rundt i dag, men det var berre fordi dei starta klokka 09.30, i felt med dei som normalt brukar lengst tid gjennom løypa.

Førstemann av vossingane kom i mål på rundt 2.20, noko som er ei svært respektabel tid. Det var likevel eit stykke opp til dei beste i den førsteseeda pulja.

Litt før tida viste 2.12 kom to syklistar til syne i svingen opp mot Tveiten. På dette tidspunktet skjøna folk i målområdet at det gjekk mot ny løyperekord i Nordhordland Rundt.

Det vart eit skikkeleg spurtoppgjer dei siste metrane inn mot mål, og det var Fana-ryttaren Andreas Hosøy som hadde dei viktige centimetrane på si side. Han slo Kristiansand-ryttaren Roald Saltnes, som nyleg byta klubb frå Nordhordland, med ein liten halvmeter.

Den eksakte vinnartida er enno ikkje i publisert på Nordhordland Sykkelklubb sine nettsider, men både Hosøy og lindåsingen Saltnes var rundt halvminuttet betre enn den tidlegare løyperekorden, 2.12.48.

Les meir Nordhordland Rundt i Nh onsdag. Vi hadde også ein mann med i løpet. Du kan også lesa om hans opplevingar frå sykkelsetet.