Det seier Nordre Holsnøy-trenar Nils Gunnar Thomle til avisa Nordhordland.
På tysdag serieopna dei i 5. divisjon, borte mot Nordnes.
Kampen enda 1-0 til heimelaget etter ein stor tabbe frå strilane sine keeper, som vart blenda av sol i augene.
– Innhaldsrikt
– Det var varmt og innhaldsrikt og du ser det er starten på ein ny sesong, seier Mario-Alexander Vikan Bertheussen.
LES OGSÅ: Austrheim trekkjer A-laget
Han peikar på ujamnt spel, dårleg matte og spelarar som fekk tunge bein rimeleg kjapt.
– Det var ein grei start på sesongen, men kjipt med tap, seier han.
I videovindauga øvst på sida, kan du sjå Nordnes IL sitt samandrag av kampen.
Som forventa i 5. divisjon, var det ikkje den beste kampen dei 30-40 frammøtte fekk med seg. Det var to relativt jamne lag, men det var Nordnes som skapte dei største sjansane. Særleg i fyrste omgang. Mellom anna hadde dei eit skot i tverliggaren.
Klikk her og sjå tabellen for 5. divisjon avdeling 2.
I andre omgang fekk strilane frå Meland opp trykket litt meir, og hadde til tider føringa i kampen, utan å skapa dei store sjansane.
Mot slutten av kampen fekk gjestane pressa ballen i mål etter ein retur, men det vart korrekt avblåst for offside.
– Det var greitt. Me stiller med eit veldig ungt lag, der me startar med ein 15-åring og har ein 15-åring til som kjem innpå, peikar trenar Nils Gunnar Thomle på.
LES OGSÅ: Storskåraren går til Sandviken
Han peikar på at dei og spelte med fleire juniorspelarar i kampen, samt at laget har mista to av dei som var faste i fjorårets lag.
– Me held ut betre enn Nordnes
– I fyrste omgang synst eg me hadde litt høge skuldre og vert løpande litt i mellom. Men eg synst me held kampen mykje betre enn Nordnes, og me er veldig nære ei utlikning mot slutten, seier han.
Han er ikkje så nøgd med mangelen på sjansar.
– Det var eit problem for oss i fjor og, så det må me prøva å verta betre på, innser han.
LES OGSÅ: Fekk ikkje til fotball-samarbeid i Nordhordhordland i år
Utfordringa deira er at dei har få offensive spelarar i laget.
Har berre ein spiss
– Mot Nordnes starta me med midtbanespelarar på vingane og ein stoppar som spiss. Og me har berre ein naturleg spiss i laget. Så me må utvikla folk i nye roller, peikar han på.
Målsetjinga for 2014-sesongen vil han ikkje seia for mykje om.
LES OGSÅ: Premier League-laget Fulham jaktar Jacob (15)
– Plasseringsmessig trur eg ikkje vi skal seia noko, men vi skal vidareutvikla det vi byrja på i fjor med å spela fotball langs bakken. og så tenker eg det vert naturleg å ha ei målsetjing om å skåra fleire mål enn i fjor, seier Thomle.
Neste kamp for Nordre Holsnøy er på sundag, heime mot Lyngbø 2.
I laurdagsavisa vår kan du lesa fem sider om seriestarten i lokalfotballen!