Mons Ivar Mjelde inspirerte NBK-trenarane

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette var heilt fantastisk. Det gjer meg glede og motivasjon til å trena gutane og håp for framtida for oss sjølve og dei unge som skal opp og fram.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Det seier Stian Sivertsen.

Han trenar eit lag med sju år gamle gutar i Kvernbit.

– Positive opplevingar

Onsdag kveld var han møtt fram i amfiet på ungdomsskulen i Knarvik, saman med eit par hundre trenarar og spelarar for å høyra på ein ekstremt engasjert Mons Ivar Mjelde fortelja om kva som skal til for å hjelpa unge opp og fram.

– Det var veldig interessant det han fortalde om korleis me kan møta ungane på bana for å halda på dei og inspirera dei, seier Jeanette Vikebø Fosse.

Mjelde var i Knarvik i samband med ein kick off for samarbeidet han har med NBK, der han skal hjelpa til med å trena trenarane i klubben. Han snakka samanhengande i to timar om kva som må til. og det var særleg nokre ting som opptok han. Det handla om at trenarane må vera gode rollemodellar, så dei unge vert sett.

– Positive opplevingar gjev folk positiv energi og kjensler. Det igjen fører til positive haldningar og då får ein positiv kultur, seier Mjelde.

Det betyr på ingen som helst måte at alle skal behandlast likt.

LES OGSÅ: Difor skal Mjelde trene trenarane - og ikkje spelarane

– Foreldra skjønar ikkje

– Behandlar du alle likt, behandlar du alle feil, seier han.

Mjelde sine erfaringar som trenar for unge spelarar, var å plassera dei etter ferdigheiter. Mellom anna tok han å sette dei åtte beste til å spela fire mot fire på ein bane, medan dei åtte svakaste spelte mot kvarandre på sin bane.

– Ein av ungane hadde komme stolt heim og fortalt at han skåra tre mål i dag, seier Mjelde.

Det var ein av ungane som når han spelte med dei beste, knapt fekk vera borti ballen.

– Det gjeld å gje dei ei kjensle av å få til det dei held på med, seier han.

GODT OPPMØTE: EIt par hundre trenarar og spelarar hadde tatt turen til Knarvik ungdomsskule, onsdag kveld.

GODT OPPMØTE: EIt par hundre trenarar og spelarar hadde tatt turen til Knarvik ungdomsskule, onsdag kveld.

Men Mjelde understreka for trenarane at det då var viktig at foreldra vart varsla om at slik kom opplegget til å vera på førehand.

– Ungane skjønar mekanismane, men det gjer ikkje foreldra, meiner han.

– Finn ut kva du vil

Også til ungdommen som vil verta god har han tydlege råd.

– Det handlar om å setta seg mål. Finn ut kva du vil, og ta konsekvensen av det, seier han til avisa Nordhordland.

– Vil du verta god, må det trenast og øvast mykje. Men om du berre vil gjera det som ei sosial greie, er det greitt det og, seier han.

– Bør dei beste ungdommane i Nordhordland samlast på eit lag?

– Ja! Det vil fremma samarbeidet mellom klubbane og vil kunne skapa enno fleire spelarar som dra det enno lenger, meiner han.

Mjelde seier til avisa Nordhordland at eit slikt opplegg bør byrja frå 13-14-års alderen.

Han meiner eit slikt lag vil ha livets rett mot bylaga.

LES OGSÅ: Offensivt å henta Mjelde

– No vil eg ut og trena!

Dagleg leiar i NBK, Erlend Andås angra nesten på at fotballskoa ligg på kontorhylla etter kick off-en med Mjelde.

– Eg er gira, no har eg lyst til å gå ut og trena, seier han med eit smil.

Han trur folk vart engasjerte etter onsdagens samling, noko som på sikt vil hjelpa NBK.

– Klarar me å løfta kompetansen til trenarane litt, vert det betre for spelarane. Då vert det og kjekkare å vera ein del av NBK, seier Andås.

KNIKSENPRISEN: Tre gonger har Mjelde vunne Kniksen-prisen. Både den og gullmedaljen frå Branntida, hadde han med.

KNIKSENPRISEN: Tre gonger har Mjelde vunne Kniksen-prisen. Både den og gullmedaljen frå Branntida, hadde han med.

Samarbeidet med Mjelde varar i utgangspunktet i fem samlingar, fram til jul.

– I utgangspunktet er eg her for å ha noko å gjera på, seier mannen som gav seg i Start midt i sesongen.

– No har eg ikkje noko engasjement, og ikkje så travle dagar. Så når NBK spurte, passa det inn og eg får framleis gjera noko innan fotballen, seier han.

LES OGSÅ: Mons Ivar Mjelde klar for Nordhordland BK

Ventar på topptilbod

Førebels avviser han noko forlenging.

– Klubben har vore i meg, men me får ta ein ting om gongen. Kanskje dukkar det opp noko anna, seier han.

– Så målet er framleis å trena eit topplag?

– Ja, det får me sjå. Det har litt med familie og alt å gjera. Men dukkar det opp noko som er så spanande at ein ikkje kan seia nei, så. Det er litt med det, tilbod og etterspørsel, seier han.

– Men akkurat no er det godt å slappa av frå fotballen og berre driva med dette. Det gjer meg mykje nett no, sluttar han. 

Artikkeltags