Både NBK og NBK 2 har hamna i tilsynelatande tøffe puljer i årets sesong. Likevel er håpet dobbel opprykksjubel i Knarvik når hausten går mot vinter.
– Vi føler vi står veldig godt rusta no. Dei spelarane vi berre hadde med halve sesongen i fjor er no med frå starten av. I tillegg har vi fått inn eit par gode forsterkingar. Eg trur vi kjem til å gjera det betre i år enn i fjor, og då er opprykket innan rekkevidde, seier Erlend Andås, A-lagstrenar og nytilsett dagleg leiar i NBK, til Nh.
LES OGSÅ: Nordre Holsnøy opna med tap
Det han derimot ikkje seier er at det kjem til å verta enkelt.
– Voss har det soleklare favorittstempelet i avdelinga, og eg trur også Nest-Sotra 2 vert eit lag å rekna med. A-lagstroppen deira er på 27 mann, så det er klart at dei kjem til å ha solide reservar på andrelaget, seier Andås.
– Noko å spela for
NBK-trenaren understrekar samstundes at fallhøgda i avdelinga er stor.
– Det er mange som spelar i 4. divisjon sjølv om dei eigentleg burde vore i divisjonen over. All reisinga i 3. divisjon gjer at folk prioriterer slik. Dette gjer også sitt til at nivået i 4. divisjon vert høgt, seier Andås.
Det er berre avdelingsvinnarane som rykkjer direkte opp til 3. divisjon, men andreplassane i dei to 4. divisjonsavdelingane møtest seg imellom etter at seriespelet er over. Vinnaren av denne kampen spelar også i 3. divisjon i 2015.
– Vi håpar å ha noko å spela for når sesongen går mot slutten. Vi er nok i den sterkaste av dei to 4. divisjonsavdelingane, og det vert garantert jamt og tett. Men vi er veldig godt førebudd på sesongen, og bak Voss bør vi vera med å kjempa om andreplassen, seier Andås.
LES OGSÅ: Austrheim trekkjer A-laget
Med seg i årets trenarteam har Andås rutinerte og dyktige Bjørnar Stall og Remy Bilsback.
– Dette er to store ressursar, vaksne folk med mykje erfaring frå store klubbar og enkeltidrettar. Vi er veldig glade for å ha med oss desse, seier Andås.
Ny organisering
NBK har tre seniorlag påmeld i årets seriesystem, to ellevarlag og eit sjuarlag. Organiseringa er også annleis enn i fjor.
– Vi har ikkje lenger ei eiga treningsgruppe for B-laget i 6. divisjon. Dette laget vil i år bestå av spelarar frå A-troppen, sjuarlaget, juniorlaget og tidvis også gutelaget. Bakgrunnen for dette er at vi ønskjer å redusera avstanden mellom A-laget, juniorlaget og gutelaget, og sleppa til ivrige ungdomar i vaksenfotballen på eit tidlegare tidspunkt, fortel Andås.
LES OGSÅ: Storskåraren går til Sandviken
Han er likevel klar på at 6. divisjon ikkje er ein arena han ønskjer for B-laget til klubben særleg lenge.
– Vi vil opp, slik at dei spelarane som bankar på døra til A-laget kan få matcha seg i 5. divisjon. Det vert nok ikkje enkelt, med fleire andrelag og mange lokaloppgjer i løpet av sesongen, men eg trur vi skal stilla bra også her, seier han til Nh.
NBK serieopnar borte mot Løvstakken i dag klokka 1500.
I dagens avis har me fem sider om seriestarten i fotballen. Les alt i e-avisa vår her!