Gå til sidens hovedinnhold

Møvik klar for Brann

Artikkelen er over 13 år gammel

Torsdag signerte Eikanger sitt supertalent Matias Møvik for Brann.

Det har i nokre veker vore klart at Møvik mest truleg kom til å skriva under for seriemeisteren i årets Tippeliga. Men den endelege underskrifta kom ikkje før torsdag og først no kan ungguten frå Eikanger kalla seg sjølv Brann-spelar.

- Det kjennest heilt konge å vera Brann-spelar, seier Møvik til nh etter å ha skrive under for Brann.

Han har den siste tida hatt eit par treningar med A-lagsspelarane på Brann og har absolutt fått smaka på nivået, og imponert leiinga i klubben.

Møvik seier at det var Brann si nye satsing på laget i 3.divisjon og eigne unge spelarar, som er utslagsgjevande for at han går til klubben som kanskje har hatt rykte på seg for å satsa for lite på dei yngre.

- Eg gledar meg veldig til å få trena meir med dei beste og få utvikla meg til å bli ein topp A-lagsspelar.

Møvik har skrive under ein treårskontrakt med klubben og kjem til å høyra til i A-stallen, sjølv om han mest sannsynleg kjem til å måtta spela kampar for B-laget.

- Eg er veldig fornøgd med kontrakten, seier ein tilfreds Matias Møvik.

A-laget er målet

- Sjølv om eg skal spela for Brann 2 i 3.divisjon, vil eg verkeleg jobba hardt for å nå målet om å spela på A-laget. Eg må rett og slett ta steg for steg til eg når det målet. Vanskeleg å sei kor lang tid det vil ta, men eg antar 2 år. Men sjølvsagt kan det også gå lenger eller kortare tid, forklarar Møvik som skal ut med flagget på brystet for det aldersbestemte landslaget allereie i februar/mars.

Som den sindige strilen han er, har Møvik beina planta godt på jorda sjølv om han no er fotballspelar på eit betrakteleg høgare nivå enn då han var i Eikanger.

- Det er viktig å huska på kven som har trena meg og lært meg opp. Eg vil absolutt takka Eikanger for alt. Spesielt takk til trenarane Øystein Bratvold og Geir Nilsen. Bratvold har gjort ein fantastisk jobb i Eikanger etter at han kom til klubben. Det er først etter hans ankomst at utviklinga mi verkeleg satt fart, seier Møvik som ønskjer Eikanger lukke til i året som kjem.

Sportsleg leiar Roald Bruun Hansen i Brann seier til klubben si heimeside at Møvik har imponert på dei treningane han har vore med på, og at han i tillegg er ein person dei trur vil passa godt inn i den satsinga på unge spelarar som Brann no er i gang med.

- Vi følte at tida no var inne for å henta han til Brann, seier Bruun Hansen.