Vegen mot toppen er hard, og sjølv om Eidsheim allereie no er blant landets fremste på sykkelsetet, er det enno ein lang veg å gå før draumen om Tour de France kan realiserast. For han drøymer nemleg om Tour de France, syklisten frå Eidsnes, og det er kan henda ikkje den mest urealistiske draumen i verda. 23-åringen vert nemleg rekna som ein av dei aller beste på klatreetappar i heile Norge, og i følgje han sjølv har han planar om å bli endå betre.

– Målet mitt i år er å vera med i toppen av Norgescupen. Dessutan er eg sjølvsagt interessert i å kapra ein av plassane på laget. Klarar eg i tillegg å jamt over vera den beste i landet på klatring er eg godt nøgd, seier han til nh.

Nytt seriesystem

Når Eidsheim snakkar om best i landet reknar han ikkje med Pro Tour-sylistane Thor Hushovd og Kurt Asle Arvesesn. Dei syklar på eit anna nivå enn Eidsnes-karen, i det som i praksis er sykkelsporten sin eliteserie. Sjølv syklar Eidsheim i serien under Pro Tour-systemet, Continental Team. Dette er eit nytt seriesystem som nyleg er innført, og Eidsheim forsikrar at nivået er høgt.

– Det er veldig mange lag med i Continental Team, og mange av ritta som vert sykla er skikkeleg svære. Skal passa meg litt for å samanlikna dei med Tour de France, det er jo det største, men Continental Team syklar mellom anna rittet Austerrike rundt. Ikkje veldig lite det heller, seier han.

Beinhard trening

Gunnar Eidsheim syklar på heiltid. Han er ein av ni i troppen til Team Sparebanken Vest, eit av dei beste profflaga i Norge. Torsdag denne veka reiste han og fem lagkameratar sørover for å trena landevegsritt. Terrenget i Frankrike er ikkje alltid gjestmildt, og Eidsheim rekna før avreise med ein del tunge tak. Men så er hard trening også kvardagen for syklisten frå Eidsnes.

– Det vert mykje og hard trening, tidvis nesten som tortur å rekna. Særleg i vinterhalvåret trenar vi beinhardt. Det er nesten slik at ein tidvis gløymer at det er kjekt å driva med sykling, seier han, men er raskt med å presisera at det må vera slik om ein vil bli skikkeleg god.

Individualist og lagspelar

I november byrja Gunnar Eidsheim å trena 16-17 timar for veka. No trenar han over 20, og då er det snakk om effektive treningstimar. Kor lang tid han brukar langs vegen eller i treningsstudio totalt har han ikkje rekna på eingong.

– Kvar veke har eg over 20 effektive treningstimar. I tilegg kjem oppvarming, nedtrapping og den slags. Det vert mykje treningstid kvar veke, men eg driv jo tross alt med sykkel på fulltid, seier han.

Hovudmålet for sesongen er å hevda seg i toppen av Norgescupen. Her er det individuelle prestasjonar som tel, og Eidsheim må utelukkande stola på seg sjølv. Eit anna mål er å kapra ein av dei ni plassane på Team Sparebanken Vest. Klarar han dette, slik han gjorde i fjor, vert lag-plasseringa sjølvsagt sett i fokus.

– Året er enno ungt, og sesongen har ikkje kome i gong enno, så kva det vert til i år veit eg sjølvsagt ikkje. Men eg skal gi jernet, og klarar eg å halda motivasjonen oppe og få framgong trur eg dette kan bli ein bra sesong, seier han.