Komande mandag kveld startar treningsstudioet Sprek og Blid Knarvik opp med utandørs mosjon, trim og trening for absolutt alle, uansett form.

Det er personleg trenar Samir Marås Valdersnes som, i regi av arbeidsplassen sin Sprek og Blid Knarvik(Studio Nor), drar i gang tilbodet.

Tanken bak det heile er enkel: Dette skal vera for alle.

- Det er mange som kvir seg for å setja sine bein i eit treningsstudio, men som kanskje har lyst å trena eller mosjonera likevel. Då er dette tingen. Vi legg opp til at alle skal få gå fram i sitt eige tempo, anten dei vil springa fort, jogga eller gå, seier Valdersnes, som har mange års erfaring som personleg trenar, og veit det meste om riktig trening.

Lengre ekskursjonar

Denne første mandagen møter alle interesserte utanfor lokala til Sprek og Blid Knarvik.

Herifrå går turen opp til idrettsbana og Brekkeløypa.

- Her styrer alle tempo og talet på rundar sjølv. Tiltaket er meint som ei hjelp for å koma i gang og halde aktivitetsnivået oppe, men dersom dette vert ein suksess så ser vi på moglegheiter til å ta turen til andre stader som Stoltzen, Stegane eller liknande, seier han.

- Ingen vert send heim igjen

I tillegg til trenings/mosjonsbiten er det eit heilt klart sosialt aspekt oppi det heile også. Og trim og trening vert som kjend vanlegvis kjekkast saman med andre.

Valdersnes har ingen formeining om kor mange som kunne tenka seg å vera med på prosjektet, men håpar ikkje folk kvir seg for å møta opp på mandag.

- Dette vert berre kjekt, og ingen kjem til å verta send heim igjen, seier han til Nh.