NBK tapte 5–3 borte mot Nordre Fjell i helga, men spelar hengekamp mot tabellnabo Loddefjord i kveld. Med siger her har Knarvik-laget eit supert utgangspunkt framfor haustsesongen.
Med seks sigrar på dei sju første kampane byrja NBK årets sesong på veldig bra vis. Den siste veka har to strake tap øydelagt litt for Erlend Andås sine utvalde, men det er likevel kveldens bortekamp mot Loddefjord som i stor grad avgjer om utgangspunktet til raudtrøyene i haust vert godt eller utfordrande.
To kampar igjen
Brann 3, Loddefjord og NHH står alle med 22 poeng etter helgas runde. NBK har på si side 18 poeng, men to kampar mindre spelt enn NHH og ein mindre enn kveldens motstandar. Med siger mot Loddefjord er dermed toppkampen heilt open, og for å gjera det heile endå meir ope møter NBK?Brann 3 heime i Knarvik i vårens siste kamp.
LES OGSÅ: – Spelarane kan smila heile vegen heim i dag
For to veker sidan sa NBK-trenar Erlend Andås til Nh at laget hans burde ha fire poeng på dei fire siste kampane for å vera med i opprykkskampen til hausten. I løpet av dei to første av desse har dei altså tatt null. Loddefjord-kampen vert med andre ord svært vesentleg, og mot eit fysisk sterkt lag, som altså ligg på andreplass på målskilnad før denne kampen, vert det ingen enkelt oppgåve for Knarvik-laget.
Nordre Fjell-tap
Helgas kamp mot Nordre Fjell vart heller ikkje enkel for NBK. Yngve Njøten gav riktig nok gjestane leiinga etter 25 minutt, men utlikninga kom like etter og i omgangens siste minutt snudde Nordre Fjell til eigen fordel.
LES OGSÅ: NBK håpar på dobbelt opprykk i år
Aleksander Vågenes sytte for balanse i rekneskapen fem minutt ut i andre omgang, men Nordre Fjell-skåringar i det 56. og 83. minutt punkterte i realiteten kampen. då 5–2 kom i siste speleminutt, hjelpte det lite at Egil Svindal Fernando sette inn NBK sitt tredje for dagen på overtid. Etter ni spelte kampar vert dermed raudtrøyene, som for høvet spelte i gult, ståande på dei 18 poenga dei også hadde etter dei sju første kampane.
Lang haust
Vårsesongen kom seint i gang i 4. divisjon grunna midtaprilpåske. I tillegg vert sommarferien ekstra lang, noko som gir ringverknader utover hausten. Med berre elleve spelte kampar før sommarferien ventar heile 13 serierundar frå august av. Sånn sett kan ein sjølvsagt argumentera for at ingenting er avgjort enno, og det er det jo heller ikkje. Likevel er det ikkje til å skyva under teppet at tabellen byrjar å tala eit tydeleg språk. Inntil vidare er også NBK med i kampen om ein av dei to opprykksplassane.
LES OGSÅ: Brann banka Radøy/Manger 9-0