Lothepus kjem til Knarvik Xtrem

- Må sjå om eg tek med meg ei kanona eller eit eller anna. Det trur eg kanskje er lika lurt, seier Lothepus.

- Må sjå om eg tek med meg ei kanona eller eit eller anna. Det trur eg kanskje er lika lurt, seier Lothepus. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Skal skyta løparane av stad. Men så er det rett heim på reinsjakt.

DEL

– Eg skal starta løpa, så då må vi jo ha ein smell då, seier Leif Einar Lothe, betre kjent som Lothepus.

Han er hyra inn for å få fart på løparane under Knarvik Xtrem til hausten.

LES OGSÅ: Skal gjera Knarvik Xtrem til det største løpet i Nordhordland

I fjernsynsserien Fjorden cowboys er han kjent for at det smell rundt han heile tida. Han lovar kraftige smell i Knarvik og.

– Må sjå om eg tek med meg ei kanona eller eit eller anna. Det trur eg kanskje er lika lurt, seier han.

Arrangørane i Nordhordland skiklubb er sjølvsagt godt nøgde med å ha hanka inn Lothepus.

– Lothepus passar perfekt inn i rammene våre. Han er ein politisk ukorrekt livsnytar. Ein vestlending som byr på seg sjølv. Det trur vi både bymann og stril vil lika. Det gjer i alle fall bygdegutar som meg. Eg prata nett med han på telefon, og eg kan røpa så mykje som at vi diskuterte både dynamitt og kanonar, så dette arrangementet kjem det til å verta smell i, seier Claus Sellevoll.

LES OGSÅ: No kan du bli med på havrafting til Troll-plattforma

– Nordhordland Skiklubb ynskjer at Knarvik Xtrem skal leva opp til namnet på mange måtar. Me ynskjer rett og slett ein litt meir ”edgy” profil enn andre tradisjonelle løpsarrangement. Me vil ha eit folkeleg idretts -og sportsarrangement som spelar på det lokaleksotiske. Me skal vise fram naturen vår, dei flotte løypene i Knarvik-terrenget. Og terskelen for å delta skal vera låg. Dette signaliserer me tydeleg når me hentar Fjorden Cowboys-kjendis Leif Einar Lothe til Knarvik Xtrem den 20.august , seier Vidar Aasgård og Claus Sellevoll.

– Eg tenker vi skal få dei av garde, seier Lothepusen sjølv.

Men han ankar litt på tidspunktet på Knarvik Xtrem, som er 20. august.

– Reinsjakta byrjar jo då. Så eg kan ikkje vera der for lenge å dilla, seier han.

– Men har eg lova å stilla, så har eg lova å stilla. Så då må eg jo berre gjera det, sluttar han.

I samarbeid med Knarvikmila tok Nordhordland Skiklubb over hovudansvaret for arrangementet Knarvik Xtrem i 2012. Knarvik Xtrem har tidlegare vore ein del av det tradisjonsrike Knarvikmila. Fjorårets utgåve av Knarvik Xtrem samla omlag 230 deltakarar til start.

LES OGSÅ: Strilar spelar Champions League

Artikkeltags