Per A. Heskestad la i helga bak seg 280 rundar på Bislett Stadion, tilsvarande 152 600 meter. Dette er nesten fire maraton etter kvarandre!
- Eg kunne sikkert klart å gå 10-12 kilometer til på dei siste tre timane, men våga ikkje av helseomsyn, seier Per A. Heskestad, etter å ha sprunge 21 timar i strekk.
Heskestad var ein av 65 deltakarar i herreklassen, og på det beste låg han på ein 12. plass totalt. Men etter ein del timar fekk han føling med ein gamal skade i foten, og han vart tvinga til å setja ned farten noko. Dermed fall han også på resultatlista.
- Dei første elleve timane sprang eg veldig jamt, med i overkant av ni kilometer kvar time. Då eg byrja å merka skaden min etter sju-åtte timar, slakka eg av på farten. Frå 15. time gjekk eg bare heilt roleg fram til 280 rundar var passert. 150 kilometer er nemleg grensa for å få godkjent eit 24-timarsløp, seier han til nh.
Heskestad synest det som er mest interessant for eigen del, er i ettertid å sjå korleis plasseringa hans var gjennom det beinharde løpet.
- Med jamn fart krabba eg stadig oppover på resultatlista, frå 35. plass etter to timar til 12. plass etter 14 timar. Då eg slutta å springa, og berre rusla roleg rundt bana, var det sjølvsagt ein del som sprang forbi meg.
- Då eg gjekk i dusjen var eg nummer 18, og eg vart passert av ytterlegare tre løparar etter at eg hadde gitt meg. Greitt det med berre halvannan fot, seier den spreke Meland-karen.
I tabellen under kan du sjå Heskestad sin progresjon time for time:
Timer | Runde/time | Plassering | Runder |
1 | 17 | 32 | 17 |
2 | 17 | 35 | 34 |
3 | 18 | 31 | 52 |
4 | 17 | 33 | 69 |
5 | 17 | 27 | 86 |
6 | 17 | 26 | 103 |
7 | 17 | 20 | 120 |
8 | 15 | 20 | 135 |
9 | 15 | 19 | 150 |
10 | 17 | 17 | 167 |
11 | 16 | 15 | 183 |
12 | 13 | 14 | 196 |
13 | 13 | 13 | 209 |
14 | 12 | 12 | 221 |
15 | 8 | 13 | 229 |
16 | 9 | 18 | 238 |
17 | 7 | 17 | 245 |
18 | 9 | 17 | 254 |
19 | 10 | 18 | 264 |
20 | 8 | 19 | 272 |
21 | 6 | 17 | 278 |
22 | 2 | 18 | 280 |
23 | 0 | 18 | 0 |
24 | 0 | 21 | 0 |